REFERAT FRA ÅRSMØTE 2003 |
Norsk ICOM heldt årsmøte på Grand Nordic Hotel i Harstad 28. august 2003 kl. 09.00-10.00
Det var 60 medlemmar som møtte fram. 1 medlem hadde i tillegg stemmefullmakt for anna medlem.
Årsmøtet blei opna av av styreleiaren, Eva Mæhre Lauritzen.
SAK 1 – VAL AV DIRIGENT OG PROTOKOLLKOMITE
Styreleiaren foreslo Erik Jondell som møteleiar. Det blei ikkje sett fram andre forslag og han blei vald.
Styreleiaren foreslo Siri Vesterkjær og Torunn Holst som medlemmar i protokollkomiteen. Det blei ikkje sett fram andre forslag, og dese blei valde.
Den valde møteleiaren tok over leiinga av møtet.
SAK 2 – GODKJENNING AV INNKALLING OG DAGSORDEN
Det var ingen merknadar til innkallinga eller den foreslåtte dagsorden. Desse blei såleis godkjente.
Det blei lagt fram 1 stemmefullmakt på vegner av fråverande medlem.
Styreleiaren heldt minneord over Ragnhild Ormøy og Laurits Opstad som begge hadde vore aktive i ICOM. Minneorda blei følgt av ei stille stund.
SAK 3 – ÅRSMELDING
Årsmeldinga var på førehand lagt ut på heimesida til Norsk ICOM. Dette var medlemmane blitt orienterte om i brev 20. juni 2003.
Styreleiaren orienterte årsmøte om korleis årsmeldinga var gjort kjent og gikk gjennom resultata av arbeidet i meldingsåret. Ho orienterte også om viktige oppgåver i inneverande år.
Det var ingen merknadar til årsmeldinga, og ho blei vedtatt slik ho låg føre.
SAK 4 – REKNESKAP
Rekneskapen var likeeins som årsmeldinga lagt ut på heimesida til Norsk ICOM.
Kasseraren, Torill Thømt, gikk gjennom rekneskapen.
Det var ingen merknadar til rekneskapen, og han blei vedtatt slik han låg føre.
SAK 5 – BUDSJETT HERUNDER KONTINGENT OG ARBEIDSMÅL
Budsjettforslag 2003 og 2004 var lagt ut på heimesida. Arbeidsmåla var tatt inn i årsmeldinga.
Kasseraren, Torill Thømt, og styreleiaren, Eva Mæhre Lauritzen orienterte om budsjettforslaget og arbeidsmåla.
Det var ingen merknadar til budsjettet eller arbeidsmåla, og desse blei vedtatt slik dei låg føre.
SAK 6 - FORSLAG OG SAKER FREMJA AV MEDLEMMAR ELLER STYRET
Det hadde ikkje kome inn noen forslag frå medlemmar.
Styret la fram forslag om endring av ordlyden i §12 i vedtekene for Norsk ICOM. Forslaget om vedtektsendring var på førehand lagt ut på heimesida.
Frå årsmøtelyden blei det reist tvil om det var nødvendig med vedtektsendring for å kunne bruke internett i staden for posten til distribusjon av årsmøtepapir, eventuelt om endringa kunne gjerast enklare.
Ved røysting over forslaget frå styret fekk dette overveldande fleirtal.
§12 i vedtekten for Norsk ICOM lyder etter dette:
Varsel om ordinært årsmøte skal sendes medlemmene minst 30 dager på forhånd, varsel om ekstraordinært årsmøte minst 30 dager på forhånd. Saker som ønskes behandlet på årsmøte, herunder forslag til vedtektsendringer, må sendes styret minst 30 dager på forhånd. Senest 21 dager før årsmøtet legges endelig sakliste, årsmelding, regnskap, budsjettforslag, instilling i saker medlemmene har fremmet og valgkomiteens innstilling ut på Norsk ICOMs hjemmesider. Medlemmer som ikke har tilgang til internett kan få tilsendt årsmøtepapirene i posten ved henvendelse til Norsk ICOM.
SAK 7 – VAL AV STYREMEDLEMMAR OG VALKOMITE
Forslaget frå valkomiteen var lagt ut på heimesida.
Møteleiaren gjorde greie for forslaget og presenterte Tone Cecilie Simensen som var foreslått som nytt varamedlem.
Det blei ikkje sett fram andre forslag.
Til styremedlemmar for 2 år blei vald Leif Pareli og Gerd Woll. Til varamedlemmar for 1 år blei vald Paal Mork og Tone Cecilie Simensen.
Styret har etter dette denne samansettinga:
Leiar: Eva Mæhre Lauritzen til 2004
Styremedlemmar: Roy Høibo til 2004 Corinna Weinheimer til 2004 Leif Pareli til 2005 Gerd Woll til 2005
Varamedlemar: Paal Mork til 2004 Tone Cecilie Simensen til 2004
Styret konstituerar seg sjølv i første styremøtet etter årsmøtet.
Styret foreslo som ny valkomite Knut Wik (attval), Brynhild Mørkved (attval) og Torill Thømt (ny).
Det blei ikkje sett fram andre forslag. Desse blei valde.
Styret foreslo gjenoppnemning av revisjonsfirmaet Deloitte & Touce som revisorar.
Det var ingen merknadar til dette forslaget.
SAK 8 – KOMMANDE ÅRSMØTESTAD
Styret foreslo at årsmøtet til Norsk ICOM 2004 blei lag saman med landsmøtet til Norges Museumsforbund i Kristiansand.
Det var ingen merknadar til dette forslaget.
AVSLUTNING
Styreleiaren takka for frammøtet og for møteleiinga, overrekte gåve til Torill Thømt for hennar innsats i styret.
Siri Vesterkjær Torunn Holst
|