REISERAPPORT

 

 

Grete Holmboe og Roy Høibo, Ryfylkemuseet

 

 

Musea og den regionale utviklinga

ICR, Merida, Mexico 26. oktober – 1. november 2003

 

 

Har musea ei rolle i den regionale utviklinga? Og kva rolle har dei? Dette var mellom spørsmåla som blei reiste på ein konferanse som ICR (The International Committee for Regional Museums) arrangerte i Merida, Mexico siste veka i oktober 2003.

 

At musea har ei rolle, var alle samde om. Men så stoppa det, og det var klart at latin-amerikanarane og europearane såg nokså ulikt både på nøkkelorda ”museum” og ”regional utvikling”, og på samanhengen mellom desse. Men også mellom europearane var det ulike syn mellom deltakarane, kanskje særleg mellom dei som kom frå aust og dei som kom frå vest.

 

Skal ein forstå latinamerikanarane må ein truleg forstå både den historia dei skal forholde seg til, museumstradisjonane og rammevilkåra.  Historia er problematisk, tradisjonane sterke og rammevilkåra tronge.  Resultatet blir i mange tilfelle eit eliteprega, statisk og slitent museumsstell.

 

Men det er ikkje heile historia.  I Mexico går det føre seg ei desentralisering av politisk makt frå eit sentralt til eit regionalt nivå.  Dette fører til ei svekking av det vernet kulturaven har hatt, samtidig som dei regionale og lokale styresmaktene stiller større krav til økonomiske resultat, t.d. i forhold til at musea skal gi vesentlege bidrag til utvikling av turismen.  Fokus blir såleis i enda større grad enn før retta mot musa som turistattraksjonar.

 

Det er likevel også ei positiv side ved denne utviklinga: I dei programma for regional utvikling som kjem opp, blir kultur og miljø i større grad enn før integrerte i programma.  Dette gir musea håp om å kunne få ei viktig i den regionale utviklinga rolle.  Men det er ei rolle som i stor grad ser ut til å ville dreie seg om bidrag til den regionale identiteten, ikkje ulik vår nasjonsbygging for 100 år sidan og vel så det.

 

I ein stat som Yucatan er nasjonalromantikken, eller heller regionalromantikken, påtakeleg.  Her blir arrangert store tablå med fulle hus i teateret i Merida, og når det blir annonsert parkkonsert med song, musikk, deklamasjon, dans og bunader, er dei første tilskodarane på plass ein time før evenementet startar, og ikkje eit sete er ledig når programleiaren legg i veg med ein lengre introduksjon om meininga med kulturarven.  Fjernsynet var der og.

 

Vi som har lært at historia må skrivast nedanfrå, og som lurer på korleis det gikk med mayaene, får ikkje så mange svar i musea. Med eitt heiderleg unntak. Men det er mayaene som held det reint på hotellet vårt, soper i gatene, sel hammockar, hatter, matvarer, leiketeøy og blomar ved kaféborda, og som lever i landsbyar der næringsgrunnlaget stadig blir svakare i konkurransen med den nye økonomien i byane.  Det er hjerteskjerande og rått, men hinsides engasjementet til det regionale museumsstellet. Unntaket er museumet som finst i tilknyting til minnene etter maya-byen Dzibilchaltún, nord for Merida, ikkje minst gjennom det vesle friluftsmuseet i tilknyting til utstillinga og ei reflektert omvising.

 

Og for så vidt spørst det om den ”gamle verda” går i så mye meir positiv retning.  I Italia er det nå vedtatt ei lov om at kulturminne kan seljast til privatfolk, og musea blir overlatte til ei uviss lokal forvalting der forståinga for og evnen til å ta vare på kulturarven er ulikt fordelt.  Viktige delar av Europas kulturarv blir såleis overlatt til private investorar og svake lokalsamfunn.

 

Når så mye problematisk er brakt til torgs, er det og viktig å ta med at konferansen også ga vesentlege bidrag til kva musea kan tilby.  Dei norske bidraga var mellom dei som blei trekte fram i oppsummeringa, saman med eit uvanleg klarsynt innlegg frå Kreta.

 

Yiannis Markakis frå friluftsmuseet Lychnostatis på Kreta meinte musea hadde ei kritisk rolle å spele i den regionale utviklinga. Musea er ikkje ein del av den offentlege administrasjonen, men er likevel ein potensielle maktfaktor i samfunnet. I ei tid da den politiske dagsorden i større grad blir sett av massemedia enn av styresmakter, da sterke folkerørsler reiser seg mot sentrale beslutningar over heile verda, da regionale nettverk og ny informasjonsteknologi tilbyr gode vilkår for formidling av kulturelt mangfald og da utviklinga mot ein fleirkulturell røyndom blir ei viktig utfordring, da har musea ein eineståande utveg til å gi bidrag til samfunnsforminga.

 

”Det er viktig å forstå at folk ikkje kan realisere seg sjølve berre gjennom økonomisk rikdom, eller i ein marknad, men i eit fargerikt fellesskap der vi kan dele vår ulikskap, våre felles erfaringar og overvinne fordommar”, sa Markakis litt flott.  ”Museum er avgjerande for planlegginga og utvikling av eit slikt offentleg rom”.

 

Markakis plasserte seg såleis i den same samanhengen som vi kjenner frå hovudinnlegget til Brian Turner frå Nord-Irland på årsmøtet til Norsk ICOM/Norges Museumsforbund i Bergen 2002. Hans nøkkelord var ”Common Ground”.  Turner prøvde å gi viktige bidrag til fredsprosessen i Nord-Irland gjennom å gjera Down County Museum til ein møtestad for folk med ulike utgangspunkt i konflikten.

 

Frå Norge heldt Torill Thømt eit inlegg om kultur og turisme, der ho gjorde greie for ei gransking av korleis turismen påvirker den lokale kulturen.  Roy Høibo heldt eit inlegg om museet som bidragsytar til regional næringsutvikling og i arbeidet med integrering av innvandrar i norske bygdesamfunn.

 

Dei dynamiske elementa i innlegga frå Hellas og Norge var knytta til synet på museet som dialoginstitusjon, møtestad og kritisk røyst i samfunnet.  Dette var nok ei rolle som låg noe fjernt frå dei tankane latin-amerikanarane hadde om den rolla musea kunne ha i ei regional utvikling.

 

Tilbake til reiserapporter 2003