REISERAPPORT

 

 

Magny Karlberg, Bunad- og folkedraktrådet

 

 

Krakowdrakta, frå folkedrakt til nasjonaldrakt

 

Inntrykk frå ICOM costume møte i Krakow 2003

 

 

ICOM costume committee la i år sitt årlege møte til Krakov. 47 deltakarar frå mange kantar av verda var samla i fem dagar for å drøfte saker henta frå drakt og mote. Konferansen hadde hovudsete på Nasjonalmuseet, men hadde utflukter til andre viktige samlingar og musee.

 

På Fotomuseet møtte kvinner og menn oss i festdrakter frå Krakow.

I strålande farger og med alderdommelege trekk blei dei gjenstand for granskande blikk og ivrige ”fotografar”.

 

Kva rolle har dei hatt, og kva rolle spelar dei i dag var spørsmål eg stilte, og fekk svar på.

 

Draktene dei bar representerte siste lekken i draktutviklinga, men var ikkje lenger i levande tradisjon.

Frå 1920-1930 blei drakta berre bruka ved særskilde høve, slik tilfellet er for våre bunader.

 

Folkedraktene i Krakowregionen har hatt ein lang framvokster, og har på sitt vis gjeve polakkane sjølvkjensle og patriotisme. Under dei mange åtaka på Polen i slutten av 1700-talet spela bøndene med sine lokale drakter ei viktig rolle, og minnene om dei heroiske bøndene frå området kring Krakow gav draktene status.  Krakow sin kvite overkjol og raude firkanta hatt var sjølve symbolet på motstand og sjølvstende, og blei snart modell for militære uniformer.

Kan hende var dette årsaka til at draktskikken held seg så lenge i dette området. 

På same tid bles det ein nasjonalromantisk vind over Europa, den nådde også Polen, og gav fornya interesse før bøndene sine skikker.

Fargerike og sterkt lokalt særprega drakter for kvinner og menn kom i bruk som kostyme i opera- og ballet framsyningar.

Også hjå oss vart lokale drakter gjenstand for beundring, og mang ein kunstnar har der som her teikna draktene dei såg.

 

På midten av 1800-tallet nådde mannsdrakta nye høgder, då tok kavalerigarden i bruk mannsdrakta ved kyrkjelege seremoniar, statlege markeringar osv.

Kvinnedrakta frå Krakow blei sett på som særleg gjev, den har rikare utsmykking og er meir påkosta enn dei andre polske draktene. Variantane er mange og avspeglar sosial status og bruk.

 

Byen Krakow har hatt mykje å seia for Polen. Her var det under middelalderen og framover kongesete, erkebiskop og universitet, og er den dag i dag ein by med store kulturskattar.  Ein poet sa det slik : ”utan Krakow ingen Polen”.

Ikkje å undrast over at ”Krakowdrakta” vart nasjonaldrakt for høg og låg over heile landet, slik vår eigen ”hardangerdrakt” vart for oss. Som den, kunne dei mange etterlikningane syne store avvik frå originalen.

 

Bruksområdet for ”Krakowdrakta” er stor. Den er alltid med når dei mange store kyrkjelege markeringar skal feirast, når viktige utanlandske personar kjem til landet, ved private høve, og når grupper møter andre til folkemusikk og dans.

 

I dag er det på ny ei gryande interesse for dei gamle folkedraktene i Polen, men denne gongen kjem interessa nedanfrå, frå folket.

Mange spør seg korleis kan ein få fram variasjon i material og uttrykk. Let det seg gjera å rekonstruere drakter frå andre stader i Polen.? Handverk og tradisjonar går tapt kvar dag.

 

Styresmaktene i Polen er lite opptekne av folkekunst, så vilkåra for idealistane er tronge. Trongare enn for våre bunadsarbeidarar.

Mine informantar såg mot Noreg, dei ville lære av oss. Eg ville lære av dei.

 

Tilbake til reiserapporter 2003