REFERAT FRA ÅRSMØTE 2004


Godkjent av protokollkomiteen v/ Fredrikke Hegnar Von Ubisch pr. e-post 14.09.2004 og Tor Bakke pr. e-post 01.11.2004.

Norsk ICOM heldt årsmøte på Radisson SAS Caledonien hotel 10. september 2004 kl. 08.30-09.30.

Det var 42 medlemmar som møtte fram. Ingen leverte stemmefullmakt for andre medlemmar.

Årsmøtet blei opna av styreleiaren, Eva Mæhre Lauritzen.
 

SAK 1 – VAL AV DIRIGENT OG PROTOKOLLKOMITE

Styreleiaren foreslo Siri Schrøder Vesterkjær som møteleiar.
Det blei ikkje sett fram andre forslag og ho blei vald.

Den valde møteleiaren tok over leiinga av møtet.

Møteleiaren foreslo Fredrikke Hegnar von Ubisch og Tor A. Bakke som medlemmar i protokollkomiteen. Det blei ikkje sett fram andre forslag, og desse blei valde.
 
SAK 2 – GODKJENNING AV INNKALLING OG DAGSORDEN

Det var ingen merknadar til innkallinga eller den foreslåtte dagsorden. Desse blei såleis godkjente.
 
SAK 3 – ÅRSMELDING

Årsmeldinga var på førehand lagt ut på heimesida til Norsk ICOM.

Styreleiaren orienterte om viktige punkt i årsmeldinga, og dessutan om viktige oppgåver som styret arbeidde med i inneverande år.

Det var ingen merknadar til årsmeldinga, og ho blei vedtatt slik ho låg føre.
 
SAK 4 – REKNESKAP

Rekneskapen var likeeins som årsmeldinga lagt ut på heimesida til Norsk ICOM.

Kasseraren, Gerd Woll, gikk gjennom rekneskapen.

Det var ingen merknadar til rekneskapen, og han blei vedtatt slik han låg føre.
 
SAK 5 – BUDSJETT HERUNDER KONTINGENT OG ARBEIDSMÅL

Budsjettforslag 2004 og 2005 var lagt ut på heimesida. Arbeidsmåla var tatt inn i årsmeldinga.

Kasseraren, Gerd Woll, orienterte om budsjettforslaget.

Det var ingen merknadar til budsjettet eller arbeidsmåla, og desse blei vedtatt slik dei låg føre.

 
SAK 6 - FORSLAG OG SAKER FREMJA AV MEDLEMMAR ELLER STYRET

Det hadde ikkje kome inn noen forslag.

 
SAK 7 – VAL AV STYREMEDLEMMAR OG VALKOMITE

Forslaget frå valkomiteen var lagt ut på heimesida.

Møteleiaren gjorde greie for forslaget og presenterte dei foreslåtte kandidatane.

Det blei ikkje sett fram andre forslag.

Til styreleiar for 2 år blei vald Eva Mæhre Lauritzen (attval)
Til styremedlemmar for 2 år blei vald Sissel Guttormsen (ny) og Målfrid Grimstvedt (ny)
Til varamedlemmar for 1 år blei vald Paal Mork (attval) og Tone Cecilie Simensen (attval).

Styret har etter dette denne samansettinga:

 
Leiar:
Eva Mæhre Lauritzen
 

til 2006
 
 
Styremedlemmar:
Leif Pareli
Gerd Woll
Sissel Guttormsen
Målfrid Grimstvedt
 

til 2005
til 2005
til 2006
til 2006
 
 
Varamedlemar:
Paal Mork
Tone Cecilie Simensen
 

til 2005
til 2005
 
 
Styret konstituerar seg sjølv i første styremøtet etter årsmøtet.

Styret foreslo som ny valkomite Torill Thømt (attval) (leiar),  Knut Wik (attval) og Roy Høibo (ny).

Det blei ikkje sett fram andre forslag. Desse blei valde.

Styret foreslo gjenoppnemning av revisjonsfirmaet Deloitte som revisorar.

Det var ingen merknadar til dette forslaget.
 
SAK 8 – KOMMANDE ÅRSMØTESTAD

Styret foreslo at årsmøtet til Norsk ICOM 2005 blei lag saman med landsmøtet til Norges Museumsforbund i Karlstad 21.-24. september.

Det var ingen merknadar til dette forslaget.

AVSLUTNING

Styreleiaren takka for frammøtet og for møteleiinga, og takka Corinna Weinheimer og Roy Høibo for deira innsats i styret.

til toppen                                                          Tilbake til referater