REFERAT FRA ÅRSMØTE 2005


Norsk ICOM heldt årsmøte på Carlstad Conference Centre, Sverige 25. september 2005 kl. 13.30-14.30.

Det var 45 medlemmar som møtte fram. Ingen leverte stemmefullmakt for andre medlemmar.

Årsmøtet blei opna av styreleiaren, Eva Mæhre Lauritzen.

 

 
  SAK 1 – VAL AV DIRIGENT OG PROTOKOLLKOMITE

Styreleiaren foreslo Siri Schrøder Vesterkjær som møteleiar.
Det blei ikkje sett fram andre forslag og ho blei vald.

Den valde møteleiaren tok over leiinga av møtet.

Møteleiaren foreslo Anne Kari Skår og Eli Hall som medlemmar i protokollkomiteen. Det blei ikkje sett fram andre forslag, og desse blei valde.

 

 
  SAK 2 – GODKJENNING AV INNKALLING OG DAGSORDEN

Det var ingen merknadar til innkallinga eller den foreslåtte dagsorden. Desse blei såleis godkjente.

 

 
  SAK 3 – ÅRSMELDING

Årsmeldinga var på førehand lagt ut på heimesida til Norsk ICOM.

Styreleiaren orienterte om viktige punkt i årsmeldinga, og dessutan om viktige oppgåver som styret arbeidde med i inneverande år.

Det var ingen merknadar til årsmeldinga, og ho blei vedtatt slik ho låg føre.

 

 
  SAK 4 – REKNESKAP

Rekneskapen var likeeins som årsmeldinga lagt ut på heimesida til Norsk ICOM.

Kasseraren, Gerd Woll, gikk gjennom rekneskapen. Det blei gjort særskilt greie for det store overskuddet, som skuldast at fleire av dei som var tildelt reisetilskot likevel ikkje nytta seg av dette. Desse ekstra midla vil kome vel med i 2005, som reisetilskot til dei norske formennene i internasjonale fagkomitear. Styret ønskjer i tillegg å auka støtta til yngre museumsfolk som vil delta i internasjonalt arbeid, som eit rekrutteringstiltak. Jon Birger Østby, ABM-U understreka at dei held fast på sitt signal om å støtta dei medlemmar som har internasjonale verv.

Det var ingen andre merknadar til rekneskapen, og han blei vedtatt slik han låg føre.

 

 
  SAK 5 – BUDSJETT HERUNDER KONTINGENT OG ARBEIDSMÅL

Budsjettforslag 2005 og 2006 var lagt ut på heimesida. Arbeidsmåla var tatt inn i årsmeldinga.

Kasseraren, Gerd Woll, orienterte om budsjettforslaget.

Det var ingen merknadar til budsjettet eller arbeidsmåla, og desse blei vedtatt slik dei låg føre.

 

 
  SAK 6 - FORSLAG OG SAKER FREMJA AV MEDLEMMAR ELLER STYRET

Det hadde ikkje kome inn noen forslag.

 

 
  SAK 7 – VAL AV STYREMEDLEMMAR OG VALKOMITE

Forslaget frå valkomiteen var lagt ut på heimesida.

Roy Høibo frå valkomiteen gjorde greie for forslaget og presenterte dei foreslåtte kandidatane.

Det blei ikkje sett fram andre forslag.

Til styremedlemmar for 2 år blei vald Leif Pareli (attval) og Rune Holbek (ny)
Til varamedlemmar for 1 år blei vald Paal Mork (attval) og Tone Cecilie Karlgård (attval).

Styret har etter dette denne samansettinga:
 
 
  Leiar:
Eva Mæhre Lauritzen
 

til 2006
 
   
  Styremedlemmar:
Leif Pareli
Rune Holbek
Sissel Guttormsen
Målfrid Grimstvedt
 

til 2007
til 2007
til 2006
til 2006
 
   
  Varamedlemar:
Paal Mork
Tone Cecilie Simensen
 

til 2006
til 2006
 
   
  Styret konstituerar seg sjølv i første styremøtet etter årsmøtet.

Styret foreslo som ny valkomite Torill Thømt (attval) (leiar),  Roy Høibo (attval) og Gerd Voll (ny).

Det blei ikkje sett fram andre forslag. Desse blei valde.

Styret foreslo gjenoppnemning av revisjonsfirmaet Deloitte som revisorar.

Det var ingen merknadar til dette forslaget.

 

 
  SAK 8 – KOMMANDE ÅRSMØTESTAD

Styret foreslo at årsmøtet til Norsk ICOM 2006 blei lag saman med landsmøtet til Norges Museumsforbund i Stjørdal 6. – 9. september.

Det var ingen merknadar til dette forslaget.

AVSLUTNING

Styreleiaren takka for frammøtet og for møteleiinga, og takka Gerd Voll for hennar innsats i styret.


Stavanger, 3/10-05                                                      Oslo, 12/10-05

Anne Kari Skår                                                           Eli Hall
(sign)                                                                         (sign)

til toppen                                                          Tilbake til referater