REFERAT FRA ÅRSMØTE 2006


Norsk ICOM heldt årsmøte på Rica Hell Hotell, Stjørdal 8. september 2006 kl. 9.00-10.00.

Det var 92 medlemmar som møtte fram. Ingen leverte stemmefullmakt for andre medlemmar.

Årsmøtet blei opna av styreleiaren, Eva Mæhre Lauritzen.


SAK 1 – VAL AV DIRIGENT OG PROTOKOLLKOMITE
Styreleiaren foreslo Peter Andreas Kjelsberg som møteleiar.
Det blei ikkje sett fram andre forslag og han blei vald.
Den valde møteleiaren tok over leiinga av møtet.
Møteleiaren foreslo Per Hvamstad og Anne Solberg som medlemmar i protokollkomiteen. Det blei ikkje sett fram andre forslag, og desse blei valde.


SAK 2 – GODKJENNING AV INNKALLING OG DAGSORDEN
Det var ingen merknadar til innkallinga eller den foreslåtte dagsorden. Desse blei såleis godkjente.


SAK 3 – ÅRSMELDING
Årsmeldinga var på førehand lagt ut på heimesida til Norsk ICOM.
Styreleiaren orienterte om viktige punkt i årsmeldinga, og dessutan om viktige oppgåver som styret arbeidde med i inneverande år.
Det var ingen merknadar til årsmeldinga, og ho blei vedtatt slik ho låg føre.


SAK 4 – REKNESKAP
Rekneskapen var likeeins som årsmeldinga lagt ut på heimesida til Norsk ICOM.
Kasseraren, Sissel Guttormsen, gikk gjennom rekneskapen.
Det var ingen merknadar til rekneskapen frå salen, og han blei vedtatt slik han låg føre.


SAK 5 – BUDSJETT HERUNDER KONTINGENT OG ARBEIDSMÅL
Budsjettforslag 2005 og 2006 var lagt ut på heimesida. Arbeidsmåla var tatt inn i årsmeldinga.
Kasseraren, Sissel Guttormsen, orienterte om budsjettframlegget.
Det var ingen merknadar til budsjettet eller arbeidsmåla, og desse blei vedtatt slik dei låg føre.


SAK 6 - FORSLAG OG SAKER FREMJA AV MEDLEMMAR ELLER STYRET
Det hadde ikkje kome inn noen forslag.


SAK 7 – VAL AV STYREMEDLEMMAR OG VALKOMITE
Forslaget frå valkomiteen var lagt ut på heimesida.

Gerd Woll frå valkomiteen gjorde greie for forslaget og presenterte dei foreslåtte kandidatane.
Det blei ikkje sett fram andre forslag.

Eva Mæhre Lauritzen blei vald til formann for 2 år.

Til styremedlemmar for 2 år blei vald Sissel Guttormsen (attval) og Tone Cecilie Karlgård (ny)
Til varamedlemmar for 1 år blei vald Torveig Dahl (ny) og Ellen Lerberg (ny).

Styret har etter dette denne samansettinga:

 
  Leiar:
Eva Mæhre Lauritzen

Styremedlemmar:
Leif Pareli
Rune Holbek
Sissel Guttormsen
Tone Cecilie Karlgård

Varamedlemar:
Torveig Dahl
Ellen Lerberg


til 2008


til 2007
til 2007
til 2008
til 2008


til 2007
til 2007

 
  Styret konstituerar seg sjølv i første styremøtet etter årsmøtet.

Styret foreslo som ny valkomite Torill Thømt (attval) (leiar), Gerd Woll (attval) og Målfrid Grimstvedt (ny).
Det blei ikkje sett fram andre forslag. Desse blei valde.

Styret foreslo gjenoppnemning av revisjonsfirmaet Deloitte som revisorar.
Det var ingen merknadar til dette forslaget.


SAK 8 – KOMMANDE ÅRSMØTESTAD
Styret foreslo at årsmøtet til Norsk ICOM 2007 blei lagt saman med landsmøtet til Norges Museumsforbund i Loen 7. – 10. september.
Det var ingen merknadar til dette forslaget.


AVSLUTNING
Styreleiaren takka for frammøtet og for møteleiinga, og takka Målfrid Grimstvedt for hennar innsats i styret.

 
  Tynset, ………2006

Per Hvamstad
(sign)

Oslo, …………2006

Anne Solberg
(sign)

 
  til toppen                                                   Tilbake til referater