REISERAPPORT


Grete Holmboe og Roy Høibo, Ryfylkemuseet


DEMHIST konferanse i Lisboa oktober 2005


DEMHIST, komiteen for Historic House Museums, heldt konferanse i Lisboa i oktober 2005. For oss blei dette eit møte med museumsfolk som er flinke på det dei er flinke på, men som i større grad enn vi er vane med let vera å problematisere formålet med det dei held på med. Dette avspeglar nok både at komiteen er den yngste i ICOM-familien og at han i noen grad framleis er på leit etter ein identitet. Det er likevel ein komité som burde ha krav på større interesse frå norske ICOM-medlemmar enn han har hatt til nå. Blant dei 70 deltakarane var vi berre to frå Norge denne gongen.
       Det handlar mye om store hus. Dei vi fekk sjå i Portugal var riktig store og resultat av ein rikdom som enkelte har kunna bruke til realisering av byggeprosjekt som sjølv dei nyrike i vår tid ville fått hakeslepp av. Med atterhald om at kunnskapane om museumsstrukturen og kulturminnepolitikken i Portugal framleis er yttarst sparsam, kan det sjå ut til at store hus blir definert som verneverdige fordi dei er store, i mange tilfelle proppfulle av antikvitetar av alle slag og som regel knytt til personlegdomar som av ulike grunnar har skapt seg ein plass i historia.
       Generelt kan det sjå ut til at ei personalhistorie som blir definert som interessant og viktig kan vera ein god grunn til å ta vare på eit hus og inventaret i det. Døme på interessante og viktige personar er kunstnarar, vitskapsfolk og medlemmar av den kongelege familien, men også samlarar. Fleire historiske hus museum er resultat av ei samlarverksemd som til slutt er blitt offentleg eige eller er gitt til ei stifting. Dette er ikkje ukjent frå vårt eige museumslandskap, men vi snakkar heller om kunstnarheimar og kongebustadar.
       Hovudoppdraget ser så ut til å vera ei levandegjering av personen gjennom huset og inventaret han har etterlate seg. Og da er vi omtrent der som vi er på eit norsk friluftsmuseum der vi gjerne vil tru at til større flid vi legg i restaureringa og innreiinga, til nærmare kjem vi dei som har budd og virka i husa. Ut frå dette dreidde ein del av diskusjonane på konferansen seg om viktige prinsipp for sikring, vern og bruk av dei materielle minna og om konservering og tilbakeføring.
       På dette området hadde særleg representantane frå Nederland viktig stoff med seg. Netherlands Institute for Cultural Heritage virkar til å vera ein avansert institusjon som stiller viktige spørsmål. Kva er verdt å ta vare på? Har vi ei meining om kor lenge vi vil at objekta skal vare? Kva risiko av ulike slag er vi utsette for, og kva er det viktig å ta i ferde med?
       I dei mest vellukka døma fekk vi forståing for at ein hadde lukkast med å få til det som vi kan oversetta med tjukk skildring, altså ei forteljing med fleire lag, der huset, inventaret, biblioteket, arkivet, eventuelle samlingar og materiale elles var kjelder til fordjupande innsyn i det livet som var levd i huset. Skulle noen komma til Cascais, like nord for Lisboa, kan Museu Biblioteca Conde de Castro Guimaraes og Casa de Sta Maria vera gode døme på slike historiske hus, og likeeins Casa Muse Leal ca Camara i Sintra. Sintra er elles kjent for eit par fantastiske palass som ein sjølvsagt ikkje må la vera å besøke.
       Det er likevel vanskeleg for ein med mangelfulle kunnskapar i portugisisk å vurdere fullt ut kva ein besøkar går ut att frå eit besøk i eit historisk hus med. Her er ofte lite tilrettelagt for besøkande utan kunnskapar om språket. Utstillingstekster, brosjyrar og utfyllande litteratur er såleis lite tilgjengeleg og det er vanskeleg å vurdere fullt ut korleis forteljinga om huset og dei som har budd i det blir lagt fram. Heller ikkje dei presentasjonane som blei lagt fram av deltakarar frå andre land gav noe godt grunnlag for å vurdere heilskapen i formidlinga. Presentasjonane hadde i stor grad preg av å vera suksesshistorier der lite blei problematisert.
       Det største saknet for oss med ein sosialdemokratisk ballast var likevel den sosiale og økonomiske samanhengen dei historiske husa var ein del av. Noen av dei kjøkkena vi blei viste rundt i kan vera døme på det. Her var vanvittig digre kjøkken som blei brukt til utstilling av fantastiske koparsamlingar, altså samlingar av kjøkkenutstyr i kopar, nypussa og ordna etter form og storleik. Men utan spor etter det arbeidet som var utført i kjøkkenet eller dei som hadde utført arbeidet. Omnane var skura både inni og utanpå og til og med skorsteinane var kvitmåla der røyken av brenneved og steikeosen av heilsteikte okser og grisar og vilt måtte ha ligge tjukk oppetter veggane.
       Her kunne forholda ha ligge til rette for å forklare korleis formuane var skapte, korleis det samfunnet desse formuane var skapte i såg ut og kva følgjer ei slik samfunnsform har hatt for utviklinga av samfunnet fram mot vår eiga tid. Med atterhald for at det ikkje var tid til utdjupande forklaringar, eller at det var tekster vi ikkje forsto eller fekk tilgang til, tykkjer vi det er rart at ein kan presentere minna til ei overklasse utan å forklare klassesamfunnet.
       Vårt utgangspunkt var dessutan at vi møtte opp med ei forventing om at Historic House Museums måtte vera eit forum med sterk vekt på bygningsdokumentasjon. Ved Ryfylkemuseet har vi arbeidd ei stund med det, det er gjort til eit hovudtema i Byggnettverket og vi har fått midlar frå ABM-utvikling til å greie ut ein modell for medvete dokumentasjon av bygningar på museum. Men her var det også store ulikskapar i tilnærminga. I dei portugisiske døma var fråveret av medvete dokumentasjon av bygningane og det som blei gjort med dei såpass urovekkande at det blei eit hovudtema i den avsluttande paneldebatten. Juius Bryant frå Victoria & Albert Museum i London og Tessa Luger frå Dutch Institute for Conservation i Nederland kritiserte ureflektert rehabilitering og utskifting av meiningsberande delar, interiør eller veggdekorasjonar i dei bygningane vi hadde sett. Dei peika på at ein måtte gjera eit val mellom autentisitet og modernisering og at det som blei gjort med bygningane måtte bygge på ein overordna plan og medvetne val.
       Såleis passa det ganske godt at vårt bidrag handla om nettopp dette. Om å ta vare på tradisjonane i bygningshandverka, om å atterreise, dokumentere og vidareføre den handlingsborne kunnskapen, om ”Learning by doing” som vi kalla foredraget vårt. Dette vekte såpass interesse at DEMHIST ønskjer å komma til Norge for ha møtet sitt her i 2008, same året som Stavanger er europeisk kulturhovudstad. Førebels kan det sjå ut til at dagane 25. – 28. juni kan vera ei lageleg møtetid. Møtet vil truleg starte i Stavanger og fortsette i Ryfylke. Vi håper ein del norske museumsfolk med erfaringar frå å drive historiske hus kan vera med da.
       Vi håper også at diskusjonane i komiteen utviklar seg mot ein noe vidare definisjon av kva som er eit historisk hus. Det var deltakarar på konferansen som ikkje ville reservere interessefeltet berre til hus som hadde vore brukt av kjente personar, men også inkludere bygningsarven til meir anonyme medlemmar av samfunnet. Og her tykkjer vi det ligg til rette for ein spennande, konstruktivt og utviklande dialog mellom museumsfolk som i stor grad har fokusert på personalhistorie og folk som i stor grad har fokusert på bygningshistorie.

til toppen                                             Tilbake til reiserapporter 2005