REISERAPPORT


Eirik Gurandsrud, Museum Vest/Nordsjøfartmuseet

Occupation and remembrance in Northern and Central Europe

IC Memo-konferanse på Falstad 29. september-1. oktober 2006


Mellom 29. september og 1. oktober 2006 blei IC MEMO-konferansen ”Occupation and remembrance in Northern and Central Europe” arrangert på Falstadsenteret. Som denne tittelen antyder lå fokuset til konferansen på fortidsforståinga av andre verdenskrig i ulike nazi-okkuperte land. Foredragshaldarar frå seks nord- og sentraleuropeiske land presenterte ulike innfallsvinklar på den okkupasjonshistoriske forskinga. Foredragene blei etterfulgt av diskusjon mellom deltakarane på konferansen. I det følgjande vil eg gjere reie for erindringa om okkupasjonstida i Norge, Danmark og Nederland, på bakgrunn av forelesningene på IC MEMO-konferansen på Falstad.

Historikaren Ole Kristian Grimnes innleia konferansen med eit foredrag om Norge under andre verdskrigen. Grimnes tok utgangspunkt ein realhistorisk innfallsvinkel, han samanlikna i første omgang den tyske okkupasjonen av Norge med mellom anna okkupasjonane av Danmark og Nederland. Han gjorde eit poeng ut av at den danske og nederlandske befolkninga var som den norske rasemessig akseptert av nazistane. Norge valde likevel ei anna linje i høve til den tyske okkupasjonsmakta. Danmark og Nederland samarbeidde i mykje større grad på regjeringsnivå, medan den norske regjeringa og kongehuset klarte å rømme frå den tyske okkupanten og danna eksil-regjering i London.

Også storparten av den norske befolkninga valde på ulike vis å stå imot okkupasjonsmakta, hevda Grimnes. Til tross for massiv nazi-propaganda og innsetjinga av ei norsk marionett-regjering leia av Vidkun Quisling. Dette kom til uttrykk gjennom både sivil og militær motstand. Den sivile motstanden skal ha nådd eit høgdepunkt våren/sommaren 1942, noko som skulle motbevise påstandar om at stemninga mot okkupasjonsmakta svinga med tyskarane si krigslukke. Grimnes medgav likevel at oppfatninga av andre verdskrigen til ein viss grad var prega av såkalla ”patriotic memory” (patriotisk minne). Eit symptom på ein slik selektiv hukommelse er at dei norske jødane sitt Holocaust i stor grad har blitt neglisjert i etterkrigstida. Grimnes konkluderte med at det likevel ikkje har vore nokon erindringskonflikt om okkupasjonstida i Norge. Han gir dermed inntrykk av ei semje om at okkupasjonstida i Norge i stor grad dreidde seg om sivil og militær motstand mot okkupasjonsmakta, frå både styresmakta og folk flest.

Museumsleiar Henrik Skov Kristensen ved Frøslevlejrens Museum heldt seinare eit foredrag om den danske okkupasjonstida. Den danske regjeringa valde i utgangspunktet å samarbeide med den tyske okkupasjonsmakta. Tilhøva for den okkuperte danske befolkninga blei ganske annleis enn for nordmennene. Samarbeidspolitikken gjorde at Danmark naut større sjølvstende i høve til okkupasjonsmakta, levestandarden i var dessutan betrakteleg høgare enn i andre okkuperte område. Dei fleste danske jødane blei redda frå Holocaust, og arresterte politiske motstandarar unngjekk i større grad å bli sendt til tyske konsentrasjonsleirar. Motstandskampen i Danmark var i utgangspunktet retta mot samarbeidslinja som styresmaktene hadde lagt seg på. I august 1943 blei det formelle samarbeidet mellom okkupasjonsmakta og danske mynde brote, motstanden retta seg deretter mot tyskarane. I praksis heldt likevel samarbeidet med den tyske okkupasjonsmakta fram. Men det formelle brotet med Tyskland og graden av motstand i den danske befolkninga gjorde at Danmark etter krigen faktisk blei anerkjent som ein av dei allierte.

I følgje Skov Kristiansen har den danske erindringa om okkupasjonstida i størst grad vore prega av den militære og sivile motstanden mot den tyske okkupasjonsmakta. Det utstrakte politiske samarbeidet kjem i skuggen i det som blir omtala som ”Grundfortællingen” om krigen. Skov Kristiansen la likevel vekt på at dei danske styresmaktene til dels motarbeida tyske forslag som ikkje tente danske interesser. Eit godt døme på dette er korleis danske mynde klarte å forhindre arrestasjonar av danske jødar i den tida det formelle samarbeidet føregjekk. Med dette ynskte Skov Kristiansen å nyansere det nyare revisjonistiske synet på den danske okkupasjonstida som går ut på at motstanden i ettertid har blitt betydelig overdrive, og at danskar flest i ein kombinasjon av feigskap og eigeninteresse samarbeida villig med tyskarane.

Den tyske okkupasjonen av Nederland hadde klare parallellar med situasjonen i Danmark under andre verdskrigen, påpeikte direktøren for Center for Holocaust and Genocide Studies i Amsterdam, Johannes Houwink. Mellom invasjonen i 1940 og 1943 hadde Nederland eit relativt velfungerande tysk okkupasjonsstyre. Houwink hevda på eit generelt grunnlag at nazistane ikkje var særleg interesserte i dei okkuperte landa, noko som i siste instans førte til det tredje riket sin undergang. Frå hausten 1943 auka den nederlandske motstanden mot den tyske okkupasjonsmakta betrakteleg. Nazistane svarte med terror.

Houwink framheva at den nederlandske krigsgenerasjonen synast å ha ei relativt balansert erindring om okkupasjonen. Åra mellom 1945 og 1945 var i første rekke prega av ei tilpassing til nazi-styret, med enkelt heroiske unntak. Sidan 1970-talet har det i Nederland vore eit auka fokus på nederlendarane sitt eige bidrag til nazistane sine brotsverk, spesielt mot jødane. Houwink hevda at i denne samanhengen har det vore ein tendens til å viske ut skilet mellom tilskodar og forbrytar. At dei som ikkje greip mot nazistane sine jødeforfølgingar på lik linje var skuldige i Holocaust. Houwink konkluderte at ei slik erindring om okkupasjonen leda til eit forvridd historiesyn.

Det eksisterer ingen felles erindring om okkupasjonstida i desse tre nordeuropeiske landa. Likevel synast det som om motstandsrørsla i alle tre landa har lagt premissane for framstillinga av andre verdskrigen. Samarbeidet som føregjekk med okkupasjonsmakta har samstundes blitt tona ned. Mykje tyder uansett på at biletet av andre verdskrigen i Nord-Europa er i ferd med å bli meir nyansert, noko som vil prege erindringa om krigen. Eit døme på dette er det nye fokuset på den norske deltakinga under jødeaksjonane i Norge.

 
  til toppen                                                   Tilbake til reiserapporter 2006