|
||||
REISERAPPORT
Bærekraftig forvalting av historiske hus Årskonferanse DEMHIST, Malta 10. – 14. oktober 2006 Nå er ikkje bærekraftig utvikling eit enkelt omgrep å bruke, og slett ikkje i ei forsamling frå eit par kontinent og ulike delar av Europa. Blant deltakarane blei ”sustainable” i alle fall brukt på to ulike måtar. For noen, og kanskje mest nærliggande for oss nordfrå som kan støtte oss på offentlege tilskott, handla det om å handtere og bruke husa på ein slik måte at dei overlever. For andre, og kanskje mest for dei sørfrå, som må lite på eigeninntektene for å få det til å gå rundt, handla det mye om å gjera drifta lønsam. |
Malta er eit øysamfunn rikt på kulturminne. Her frå middelalderbyen Mdina med smale gater der ein ikkje kunne sjå lenger enn ei pil kunne skytast. |
Så kom enda eit perspektiv inn: Etikk og
prinsipp i forvalting og drift av historiske hus. Dette temaet fekk næring i ei rekke studiebesøk i historiske hus som hadde ulike
eigar- og driftsformer. Men det mest tankevekkande var kanskje at ordet etikk i seg sjølv gjorde krav på ein vesentleg del av den
tida som var sett av til å diskutrere temaet. Forståinga av etikk er nokså ulik og det var nokså vanskeleg å finne ei felles plattform
for djuparegåande analyse. Eit forsøk på å kartlegge kva konvensjonar og charter som finst og som er kjent, førte til ei sannkjenning
av at kunnskapane om slike er nokså ulikt fordelte og i varierande grad følgt opp at dei som måtte ha kunnskap. DEMHIST vil etter
dette legge ut informasjon om og lenker til aktuelle dokument på si heimeside (under oppretting). Ei felles hovudutfordring er likevel medvetet om kva historier vi fortel om husa, og kva grunnlag desse historiene har. Er vi ærlege i formidlinga, eller prøver vi å late som om det vi viser fram er noe anna enn det i røynda er? Kva endringar, reparasjonar eller tilbakeføringar er gjennomført med sjølve huset, og kor kjem dei i frå dei tinga som fyller huset? Har dei alltid stått slik, eller har vi ”redigert” innhaldet i forhold til andre forestillingar om korleis det bør sjå ut enn eigaren eller brukaren hadde? Desse problemstillingane blei tydeleg demonstrerte gjennom dei husa vi fekk besøke, og det oppsto ein diskusjon om ”ensemble”-tanken, altså tanken om å halde saman ting som hører saman. Dette er ikkje noen ny tanke i vår heimlege museumskunnskap, men det finst likevel mange konstruerte røyndomar kring om på musea, som kanskje ikkje alltid er sterkt forankra i den historia vi ønskjer å formidle. Vi tilbakefører, skreller av, pynter, og ommøblerar for å nærme oss idealtypar av hus og interiør frå ulike tidsperiodar og ulike sosiale lag, men står i fare for å miste mange historier på vegen. Historiske hus er lag på lag av historie. Vi kan kanskje ikkje fortelja alle historiene, men vi bør tenkje oss nøye om før vi tar bort utvegen til å gjera det. |
Konferansen veksla mellom studiebesøk til historiske hus og workshops der inntrykka blei drøfta. Her frå Palazzo Parisio i Naxxar som baud på eventyrlege romdekorasjonar endatil for våre kollegaer frå land som er vane med slikt. |
Det blei noe enklare da diskusjonen tok
utgangspunkt i konkrete eksempel og den praktiske kvardagen. Den overordna utfordringa var balansen mellom bruk og bevaring. For dei
som forvalta store hus i offentleg eige framsto den offentlege bruken som eit problem. Når presidentar, ordføarar og andre
øvrighetspersonar skal ha sine mottakingar, middagar og konsertar medfører det ofte belastande ominnreiingar, trafikk, lyssetting og
tøff bruk. For ikkje å snakke om slitasjen og risikoen knytt til filmopptak. Det er medlemmar i komiteen som stiller sine hus til
disposisjon for fjernsynsseriar, da det gir gode inntekter, men som fører til ekstremt risikofylte aktivitetar i og omkring husa. Hos
oss er det vel ofte slik at lukka er stor om det er noen som skulle finne på å ville bruke anlegga våre til slike formål, men også vi
bør vera medvetne om kva slags slitasje og risiko ulike former for bruk fører med seg, og kva slags førebuingar og oppfølgingar som
er nødvendige i forhold til ulik bruk. Dette gjeld sjølvsagt ikkje minst den instrumentelle rolla mange historiske hus og museum har i forhold til utvikling av reiselivet. Turismen er eit viktig og nødvendig inntektsgrunnlag for mange institusjonar, men representerer samtidig eit alvorleg trugsmål mot dei attraksjonane som er grunnlaget for turismen. På Malta finst eit godt eksempel på eit kulturminne der det har vore nødvendig å gå til drastiske reduksjon av besøket. Hypogeum er eit utruleg undergrunnstempel der ein berre tar inn eit avgrensa tal besøkande om dagen, og der ein nå må bestille billett god tid i førevegen for å komma inn. Ventetida da vi var der var ein månad, og verken vi eller arrangørane hadde bestilt billettar på førehand. Tilrettelegging for bruk omfattar dessutan ofte installasjon av nye tekniske løysingar: Elektrisitet, vatn og avlaup, varme og ventilasjon, sikrings- og alarmtiltak. Det meste av dette vil vera framandelement og inngrep i eit historisk hus. Museumsfolk er dessutan ofte for svake i forhold til dei profesjonane som sit på kunnskapane om desse tekniske løysingane. DEMHIST ser derfor behov for ei styrking av utvegane til kompetanseheving for folk som sit med ansvaret for historiske hus, og vil greie ut utvegane til å kunne bidra til dette. Berre gjennom ein kompetanse som er på høgde med utfordringane, er det muleg å gjennomføre ei bærekraftig forvalting av dei historiske husa. |
Rekonstruksjon av historia var tema for studiebesøket i Palazzo Falzon i Rabat. Sjølv om husa ser annleis ut enn hos oss er problemstillingane dei same, og det er befordrande å diskutere dei med kollegaer som har andre perspektiv og erfaringar enn oss sjølve. |
Vi brukar ikkje nemninga historiske hus i
Norge, og dei husa som går under ei slik nemning i utlandet har ofte dimensjonar som overgår det meste av det som er bygt her. Men den
gryande diskusjonen om etiske prinsipp og bærekraftig utvikling som DEMHIST har starta er likevel relevant også for oss. Musea
forvaltar eit stort tal historiske bygningar og det er behov for å ha eit kritisk perspektiv både på kva vi gjer med bygningane etter
at dei er blitt verna eller er blitt museum, og kva historier vi fortel om dei. I Byggnettverket har vi tatt fatt i den utfordringa
som er knytt til kompetanseutvikling i arbeidet med bevaring og vedlikehald av husa, og er, med støtte frå ABM-utvikling, i ferd med å
utvikle eit system for kjeldeskaping og kunnskapsoppbygging i bygningsvernet. Resultatet av dette prosjektet er mellom det vi vil presentere for DEMHIST når komiteen legg sin årskonferanse til Stavanger og Ryfylke i 2009. Tidspunktet for konferansen blir truleg 23. – 27. juni. Vi håper mange finn høve til å vera med da. DEMHIST har i dag få medlemmar i Norge, men det er ein komite som burde ha interesse for fleire. |
▲ til toppen Tilbake til reiserapporter 2006 |