REISERAPPORT


Trygve Brandal, Ryfylkemuseet

Folkeleg medvirking, men korleis?

ICOMs generalkonferanse i Wien august 2007


Hovudtemaet for konferansen var Museums and Universal Heritage. For ein stor del handlar dette om dei store kolonimaktene som i si tid førte heim til British Museum og liknande nasjonalmuseum store mengder gjenstandar frå fjerne himmelstrøk. I dag er det ikkje like sjølvsagt at desse skal vere på museum i europeiske hovudstader. Burde dei ikkje heller heimførast til dei landa der dei er henta frå og berike samlingane til musea der, spør mange. Eit alternativ til heimføring vil vere at dei inngår i ein Universal Heritage Collection, som kan vere tilgjengeleg for alle via internett. Desse tema vart tekne opp på opningsdagen, men vart ikkje så sterkt fokuserte seinare under konferansen.
       I Norge har vi vel hatt berre litt av denne problemstillinga. Til Nordiska museet i Stockholm vart det på 1800-talet samla betydelege mengder norsk gjenstandsmateriale, og store deler av det – meir enn 10 000 gjenstandar - har seinare blitt ført tilbake til Norge. Men på arkivsektoren har det vore større fokus på heimføring av arkivsaker som gjeld norske forhold både frå København og frå Stockholm til det norske Riksarkivet.
       Frå Carl Aigner, president i ICOM Austerrike, og andre vart det framheva at musea skal syne den heimlege kulturarven, men også syne diversitet ved å gje beretningar om ’dei andre’. Slik kan musea ha ein brubyggjarfunskjon mellom kulturar og bidra til å skape fred. Også andre trekte fram musea si viktige rolle som møtestader. Det er velkjente tonar for norske museumsfolk, som har tenkt museum i kategoriane samfunnsminne og møtetstader i årevis.
       I programartikkelen for generalkonferansen vart det framheva at musea burde halde fast på samlingar som sitt hovudfokus. Og at autensitet er viktig for musea. Det at vi har dei ekte gjenstandane og ikkje kopiar av dei gjer oss ekstra verdfulle. Samtidig vart det lagt vekt på kor viktig kommunikasjon og dialog med publikum er for musea. Nettopp dette vart følgd opp i sesjonane til komiteen for regionale museum (ICR - International Committee for Regional Museums) vidare under konferansen. Særleg under innlegga til Flavio Luiz Seibt frå Brasil, Blanca Gonzalez frå Mexico og Christina Hsu frå Taiwan vart det framheva kor viktig den folkelege og lokale medverkinga er ved oppbygginga av lokale museum. Dei la stor vekt på at dei musea skulle opplevast som folket sitt museum, og både innsamlingsoplitikk og utstillingar skulle refklektere det folk syns var viktig. For meg framstår det som problematisk korleis musea skal finne fram til ei felles og omforeint folkeleg meining om kva som er viktig i deira fortid, eventuelt også samtid. Vil det ikkje ofte vere slik at folk vil ha ulike meiningar om kva som er viktige tema for musea å byggje opp samlingar på og lage utsillingar om? Korleis skal musea då utforme sin innsamlingspolitikk?
       Vidare reiser den sterke vektlegginga på å lytte til folk flest også spørsmål om kva rolle profesjonelle museumsfolk skal ha i utforminga av ein politikk for kva som er viktig for det enekelte museum. Skal vi kun vere gode lyttarar og få fram det ”folk flest” meiner er viktig, eller skal vi ha ei meir aktiv rolle i utforminga av museumspolitikken? Samvirket mellom folkeleg engasjement og profesjonelle museumsfolk er sett frå min ståstad ikkje så uproblematisk som fleire innleiarar synest å meine.
       På onsdag 22/8 arrangerte ICR ekskursjon til Burgenland. Her var vi innom Ethnographisces Museum Schloss Kittsee, friluftsmuseet Dorfmuseum Mönchhof og og ei restaurert vindmølle i Podersdorf am See. Båttur på Neusiedler See og middag i sjøkanten fekk vi også med oss.
       Kittsee ligg i grenseområdet til Slovakia, og det er heller ikkje langt til Ungarn. Det er vel då ikkje så underleg at den faste utstillinga ved museet omhandla folkekultur i Søraust-Europa med gjenstandar frå fleire land i området – land som før 1918 var saman i keisardømet Østerrike-Ungarn. Som nordmenn legg vi merke til at omgrepet etnografisk vert brukt på ein annan måte i Europa enn hos oss. For oss hadde det vore naturleg å kalle Kittsee eit folkemuseum og ikkje eit etnografisk museum. Våre etnografiske museum har fokus på ikkje-europeiske kulturar ute i verda. Den faste utstillinga ved Kittsee var ordinær, men i andre enden av museet var det ei spennande feleutstilling kalla ”Saiten Blicke. Joseph Joachim und die Geige in der europäischen Volksmusik”. Denne famna vidt, og i instrumentsamlinga fanst det t.d. både ei svensk nyckelharpa og ei norsk hardingfele.

 
 

På Ethnographisces Museum Schloss Kittsee var det ei spennande feleutstilling kalla ”Saiten Blicke. Joseph Joachim und die Geige in der europäischen Volksmusik”. Her fanst det også ei norsk hardingfele.

 
         Dorfmuseum Mönchhof er bygt av ein enkeltperson, Joseph Haubenwallner, som no er ein mann som nærmar seg pensjonsalderen. Han har gjennom eit langt liv teke vare på eit variert utval av hus og inventar frå landsbyen og bygt dei opp att på eit område i tilknyting til vingarden sin. Vi forstod at museet vart drive stort sett på privat basis, og berre i begrensa grad hadde han fått hjelp av profesjonelle museumsfolk til katalogisering og teksting i utstillingane. Problemet for dette og liknande musuem vil vel melde seg når gründaren og ildsjela ikkje er der lenger.
 
 
 
Dorfmuseum Mönchhof i Burgenland er bygt av ein enkeltperson, Joseph Haubenwallner, som starta innsamlingsarbeidet i svært unge år. Han står her til høgre.

 
         På ein ny ekskursjon til Ungarn neste dag var vi mellom anna innom gruvemuseet i Tatabánya og det ungarske folkemuseet i Szentendre sør for Budapest. I Tatabánya hadde dei verkeleg lagt seg i selen når dei fekk besøk av ei stor gruppe av internasjonale museumsfolk. Dei baud på hornmusikk, korsong, ei rekke velkomsttalar og rikeleg med smaksprøvar av vått og tørt. Men det som gjorde mest inntrykk var at dei hadde skapt liv i husa. I skulehuset var det skuleborn som song, i bakeriet vart det baka, i frisørsalongen sat det folk i frisørstolane og fekk sitt hårstell, osb. Den menneskelege faktor var høg i formidlinga; folket verka stolte av sine tradsjonar som gruvearbeidarar. Her kunne vera mykje å læra. Folk i husa og levande formidling verkar mykje sterkare på besøkande enn dei mange tomme og stille rom.
 
 
 
I gruvemuseet i Tatabánya hadde dei lagt seg i selen når dei fekk internsjonale museumsfolk på besøk. Det mest imponerande var at det var liv og aktivitet i husa. I den gamle frisørsalongen sat det t.d. folk i stolane og fekk sitt hårstell.

 
         Friluftsmuseet i Szentendre var stort og imponerande. Berre så synd at vi fekk sjå berre ein liten del av det. Det likna på Maihaugen eller Norsk Folkemuseum, og dei skandinaviske førebilda hadde nedfelt seg også ved at dei brukte namnet Skanzen, m.a. på nettsida www.skanzen.hu. Dei la vekt på at dei skulle bruke gamalt handverk og byggjetradisjonar ved gjenoppbygginga av husa på museumsområdet. Men det vi såg av bygningar gav likevel eit ”nyare” inntrykk enn det vi er vane med frå norske friluftsmuseum.
 
 
  til toppen                                                   Tilbake til reiserapporter 2007