REISERAPPORT


Roy Høibo, Ryfylkemuseet

Levande museum – erfaringar frå Ungarn

ICOMs generalkonferanse i Wien august 2007


Dei fleste av oss som bestyrer folkemuseum av ulike slag hører stadig kravet om ”levande museum”. Som regel betyr det icenesetting av utvalde gjeremål frå den nære fortida, og det har vore ein nokså sikker veg til suksess like sidan Arthur Hazelius fann på å befolke husa sine på Skansen for hundre år sidan eller da om lag. I dag er det fleire som tilbyr noe meir sofistikerte innslag av drama i publikumsopplegget sitt, og det vekker like sikker begeistring.
Noen av oss som var på generalkonferansen til ICOM i Wien valde dagstur til Budapest med innlagt stopp i Tatabanya på ekskursjonsdagen. Der blei vi tilbode både ”levande museum” og dramatisering. Dette er eit forsøk på ein liten refleksjon om det vi såg.
       Tatabanya er ein liten gruveby som har laga friluftsmuseum om gruvesamfunnet. Da bussane med konferansedeltakarar kom dit sto det lokale musikkorpset klare og ønskte oss velkomen med feiande marsjmusikk. Under velkomsttalane og seinare fekk vi oppleve gruvekoret, og i gruvelandsbyen var dei fleste av husvera og skulestova befolka med frivillige museumsmedarbeidarar og skuleungar som utførte ulike arbeidsoppgåver og baud på både god mat og godt drikke. Det var overveldande og rørande, og eg trur dei fleste blei gripne av den rause og ekte følte mottakinga, den sterke tilknytinga til det livet desse folka hadde levd, og kjærleiken til og byrgskapen over å vera ein del av eit samfunn som nok hadde bydd på harde fysiske og økonomiske utfordringar, men som truleg baud på sterke sosiale band gruvearbeidarane og –familiane i mellom.
       Om vi fekk så grasat godt innsyn i korleis røyndomen i gruvesamfunnet hadde vore, er vel heller tvilsamt, men vi fekk eit sterkt og godt møte med dei som hadde vore ein del av det. Dei baud på seg sjølve og tykte det var gildt å bli sett. Vi reiste kanskje ikkje att så veldig mye meir opplyste, men vi var bevega, og sidan har minna og tankane om Tatabyanye svive rundt i hovudet. Vi møtte folk som var stolte av livet sitt i ein skiten gruveby, og som helsa oss med flagg på alle lysstolpar langs dei vegane vi kjørte.
       I Budapest fekk vi oppleve ei anna icenesetting. I ruinane etter romerbyen i Aquincum Museum var det ei amatørgruppe som framførte ei dramatisering av gladiatorkampar for oss. Dei hadde tydeleg studert påkledningen og kamputstyret til romarane, og funne ut korleis reglane for ulike kampar var. Forestillinga gikk ut på å presentere ei rekke former for gladiatorkampar, til musikk på boks, som alle endte med overskoren strupe for taparen. Dei hadde endatil eit par ivrige supportarar på sidelinja som gjorde sitt beste for å få oss som var publikum med på å heie på gladiatorane. Men begeistringa var dempa og applausen slapp. Kanskje var det langt på dag, kanskje var det for varmt (36 grader), eller kanskje var vi i ferd med å bli lei eit ekskursjonsopplegg som viste seg å vera særdeles dårleg planlagt. Men gladiatorane slo ikkje an. Kanskje det rett og slett var slik at det var andre sider ved livet til romarane vi gjerne ville visst meir om etter å ha sett restane av den fantastiske byen dei hadde levd i, enn korleis dei drepte kvarandre. Eller kanskje det ikkje blei heilt truverdig. Dei drepte ikkje kvarandre på ordentleg, berre på liksom, dermed blei heile greia ein liksom-sak, ein leik for veltrente ungdomar.
       Dramatisering er ofte ei flott og medrivande form for formidling. Fleire museum her heime har tatt dramatisering i bruk i formidlinga si, som regel med god respons som resultat. Det appellerer til sansane, og er eit bidrag til oppleving. Når det vi fekk sjå i Ungarn så tydeleg blei opplevd forskjelling trur eg det først og fremst skuldast at romarane bomma på målgruppa. Museumsfolk er ikkje det enklaste publikumet ein kan invitere til eit museum, vi var dessutan godt vaksne dei fleste av oss, og sto midt i eit imponerande stort ruinområde som produserte ei rekke spørsmål i hovuda våre, men kanskje ikkje først og fremst om kampteknikkane til gladiatorane. Vi var nok eit utakknemleg publikum der og da, men noen få timar tidlegare hadde vi latt oss begeistre av korpset av frivillige i Tatabanya. Dei traff oss heime og vi var ikkje ein augneblink i tvil om at det vi blei tilbydde var ekte vare.
       Eg trur det handlar om å definere nøye både målet med dramatiseringa, eller levandegjeringa, og å tilpasse seg ulike målgrupper. Ungar og vaksne vil openbart oppleve slike tilbod forskjellig, og folk med ulik bakgrunn vil ha ulike føresetnadar for å ta til seg det som blir bydd fram. Vi må ta utgangspunkt i dei vi vil ha i tale, ikkje i det vi sjølve tykkjer er morosamt. Kanskje det var der romarane bomma?

 
  til toppen                                                   Tilbake til reiserapporter 2007