REISERAPPORT


Grete Holmboe og Roy Høibo, Ryfylkemuseet

Medansvar for samfunnsforminga

ICOMs generalkonferanse i Wien august 2007


Alt første kvelden var det ansats til spenst i programmet. Bernd Lötsch, direktør ved Naturhistorisk Museum i Wien, held ein velkomsttale som ikkje kunne oppfattast som noe anna enn eit angrep på turbokapitalismen. Natur kan ikkje berre bli historie sa han som styrte eit naturhistorisk museum. Men slik kapitalen nå utnytter naturen er det stadig større delar av naturen som blir det. Vi er langt frå ei berekraftig utvikling og det bør ikkje vera utan interesse for musea. Vi kan ikkje berre tråkke på gassen. Om ingen tar ansvar for å tråkke på bremsen kan resultatet bli fatalt. Musea bør ta det ansvaret.
       Bernd Lötsch utfordra altså musea på å ta eit samfunnsansvar og ei samfunnsrolle som ikkje er ukjente for oss som las NOU-en til Magne Velure alt i 1996, men som ikkje har vore sjølvsagt i breie lag av museumsfolk. Og det blei strekt ut eit enda større bakteppe for det som skulle skje vidare. Alissandra Cummins, presidenten i ICOM, minte om vår oppgåve som bidragsytar for utvikling av borgarrettar og demokrati, og Laurent Lévi-Strauss frå UNESCO peika på utfordringar knytt til det kulturelle mangfaldet. Og det var meir. Museas rolle i eit verdssamfunn i endring blei sett på dagsorden. Det kunne bli spennande å sjå korleis dette blei følgt opp i komiteane.
       Vi følgte DEMHIST, komiteen for historiske hus, det meste av tida, med ein snarvisitt innom ICR, komiteen for regionale museum, og det var lagt opp gode program som reiste noen viktige debattar om kva bidrag musea kan og bør gi til samfunnsforminga. Susan Lêgene frå Nederland utfordra for eksempel førestillingane våre om dei viktige bidraga musea gir til identitetsbygging. Det er ikkje det som er viktig, sa Lêgene, det er identifikasjon som er viktig. Nå er det ikkje alltid så lett å få tak i nyansane når argumentasjonen går føre seg på eit framandt språk, men vi forsto vel såpass at Legget meinte det burde handle meir om kunnskap, innsyn og forståing enn det å bera til torgs byggesteinar til personlege, lokale eller nasjonale identitetar. Og det var i alle fall ikkje vanskeleg å forstå kva Jan Legget frå New Zealand meinte når ho begynte å snakke om musea som dialoginstitusjonar. Dette er honnørord vi har levd med i 10 år her heime. Musea kan ikkje lenger sjølv bestemme kva som skal komma ut av verksemda, meinte Legget. Arbeidet må skje i dynamisk samvirke med publikum og lokalsamfunn.
       Men korleis overføre slike tankar til dei historiske husa? Dei møta vi har vore på i DEMHIST så langt har hatt sterke innslag av vandringar gjennom gullforgylte barokksalar med store besøkstal, der våre forsiktige spørsmål om kor rikdomen kom frå ikkje har møtt påfallande interesse. Nå vil DEMHIST rett nok komma til Norge i 2009, og da blir det nok mindre av den slags, men likevel? James Vaughan frå USA formulerte eit viktig utgangspunkt for ein debatt da slo fast at dei historiske husa han kjente til i altfor stor grad representerte ”white, dead men”. Altså: Vi manglar hus som kunne bidra til å fortelja historier om kvinner, svarte o.s.v. Og han heldt fram med å argumentere mot det sterke fokuset på kulturarven som instrument for reiselivsutvikling. For dei fleste historiske stadene (historic sites) er ikkje kulturbasert turisme (heritage tourism) noen berekraftig forretningside, meinte Vaughan. Og det var slett ikkje den beste måten å bruke slike stader på. The National Trust for Historic Preservation, som Vaughan representerte, var opptatt av å finne fram til nye standarder for drift av historiske stader som i større grad la vekt på stadens eigenart og bidrag til personleg innsikt, enn som arenaer for forretningsutvikling. Meir om the National Trust på flotte heimesider her: http://www.nationaltrust.org
       DEMHIST følgte opp ein del av det som blei tatt opp i dei innleiande innlegga gjennom ganske befordrande ekskursjonar. Størst debatt reiste nok besøket i Mozarthaus midt i Wien, der Wien Museum har laga eit Mozartmuseum i eit hus der Mozart budde eit par år på 1780-talet, men der mange andre har budd seinare. Det var altså ikkje så mye att etter Mozart, bortsett frå noen inventarlister som ga eit visst oversyn over kva han hadde eigd, utan at det ga noen forståing av kor han hadde oppbevart tinga sine, eller korleis husvera hans var møblerte. Wien Museum hadde tatt konsekvensen av dette, og hadde lagt huset til rette for stort besøk, måla det meste kvitt og fortalte ei historie om Wien og Mozart og andre ved hjelp av tekster, bilde, monter og enkelte historiske gjenstandar. Det var ikkje snev av forsøk på å rekonstruere stover og soverom med tidsriktige tapeter, tekstiler og møblement. Mange blei skuffa og tykte dei fekk fint lita kjensle av å gå i fotspora til Mozart. Vi var ikkje mellom dei mest kritiske, men undra oss over val av fager og materialar, som altså var vår tids fargar og materialar, og ikkje frå samtida til Mozart. Men vi tykte det var eit realt val. Det var inga lefling med kjensler og det var inga eventyrforteljing på svakt grunnlag, men ei større utfordring til intellektet.
       På Schloss Hof, eit stykke aust for Wien, var utgangspunktet mye det same. Altså eit hus, rett nok kjempedigert, og ikkje berre eitt, men der spora etter Prins Eugen, som hadde bygt slottet i 1726, og seinare Maria Theresa, var nokså sparsame etter lang tids bruk til ymse formål, sist som militærleir. Kjeldene til kunnskap om den opphavlege innreiinga var likevel betre, og ein god del av det inventaret som hadde hørt til på slottet var framleis bevart andre stader. Likevel hadde ein vald å ikkje forsøke seg på noen full rekonstruksjon av fortida. Men gjennom ein kombinasjon av farger, materialar, eit utval gjenstandar og rettleiande tekster makta slottsmuseet å formidle både ein atmosfære og ei forståing av kva staden representerte. Det blei ei oppleving å vandre rundt i den storslagne bygningsmassen, samtidig som det ga innsikt i den tida det representerte og det livet som hadde vore levd der. Dyrehald og aktiv bruk av landskapet ga også viktige bidrag til den sanselege opplevinga av staden.

 
 

 
         Det var meir, og alt var ikkje like medvete og målretta. Men summen av internasjonale innleiarar og austerrikske døme ga både stadfestingar på våre heimlege val og stilte spørsmål ved noen av dei. Den kritiske samfunnsrolla blei klart etterlyst, det blei stilt spørsmål ved den ukritiske tilslutninga til å gi historiske stader meining gjennom utnytting til reiselivsformål og vi blei tatt med til stader som blei gode utgangspunkt for refleksjon om historiske rekonstruksjonar. Det siste toppa seg kanskje da vi blei presentert for gladiatorkampar i dei romerske ruinane i Aquincum Museum i Budapest. Dramatisering kan vera eit godt formidlingsgrep, men ein skal berekne sitt publikum. Det var nok ei meir gripande mottaking vi opplevde i gruvemuseet i Tatabánya der dramatiseringane i stor grad var vidareføring av levande tradisjon og dermed blei opplevd som ekte og innlevde.
 
 
 

 
  til toppen                                                   Tilbake til reiserapporter 2007