REISERAPPORT


Martin Hager-Saltnes, Kulturhistorisk Museum

Å skape eit miljø for læring

ICOMs generalkonferanse i Wien august 2007


Invitasjonen til ICOMs generalkonferanse 2007 slår fast at det å samle inn gjenstandar ikkje lenger er kjerneverksemda til mange museum. Kommunikasjon og dialog med besøkande vert stadig viktigare. CECAs underkonferanse, ”Heritage learning matters”, fokuserte på korleis museum som ”offentlege institusjonar for personleg læring” kan femne eit vidt og inkluderande publikum. I denne rapporten vil eg dele nokre poeng frå Graham Black frå Nottingham Trent University sitt enkle og stimulerande foredrag om å skape miljø for læring på museet (”Creating a learning environment”). Med hans poeng i bakhovudet refererer eg til slutt nokre inntrykk frå CECA-ekskursjonen til Linz.

Museet er ein stad der læring kan skje. Men publikum lærer best og med størst glede når dei får leie si eiga læring. Og kvaliteten på museumsopplevinga er avhengig av alle aspekt ved besøket. Skal musea lukkast i å vere gode stader for læring, må difor alle ledd i institusjonen leggje til rette for det. Og initiativet må kome frå toppleddet i organisasjonen, hevda Black.

For å skape et godt læringsmiljø, må publikum for det første stimulerast til å besøke museet med forventingar om at dei vil bli engasjert og involvert. Gjennom marknadsføring må ein skape eit inntrykk av at museumsbesøket vil bli underhaldande, relevant, og at det vil lønne seg å ta ein tur. Du vil oppleve og lære noko nytt!

På museet må den besøkande møtast slik at den positive interessa og forventningane vert halden oppe. Ein må unngå arkitektoniske og andre unødige fysiske hinder som kan framkalle såkalla ”dørstokk-skrekk”. Bygningen må vere menneskeleg og brukarvennleg. Tida ein treng bruke på å orientere seg må reduserast til eit minimum ved hjelp av t.d. fargekodar og prioritering av innhaldet i museet i klåre hierarki. Velkomsten må vere varm. Førstelinje-personalet (billettskranke, vakter, butikk, garderobe) må få folk til å slappe av og føle seg velkomne - ”berre glad for å kunne hjelpe.” Skilting og informasjon elles må vere tydeleg og av ein slik karakter at folk sjølve kan tilpassa besøket etter eigne interesser.

For det tredje må publikum få den støtte dei treng til å engasjere seg under besøket. Utstillingar må tale fleire ”språk” for å imøtekome ulike lærestilar hos publikum. Sansar må stimulerast for å understøtte kjenslemessig involvering. Stoffet må sorterast i ulike nivå, så folk kan velje det nivået som høver dei best. Ein må skape stader å setje seg ned for å fordjupe seg, aktivisere seg, vere sosial – eller kvile. Ikkje noko revolusjonerande i dette. Men Black gav ei rad konkrete døme frå engelske museum som lett førte tankane vidare til eigen arbeidsplass.

For det fjerde må ein tilby oppfylgjingsaktivitetar. Museets aktivitetsprogram må forsikre publikum om at det alltid er råd å oppleve og lære noko nytt ved nye besøk. Det må vere tips for korleis publikum kan gå vidare med eit tema dei interesserer seg for. Butikken må ha dei nødvendige bøkene! Her nemnde også Black eit tilbakevendande tema på konferansen, nemleg web 2.0 sitt potensiale for interaksjon mellom museum og publikum. Nettet skal ikkje lenger berre vere ein informasjonskanal for museet ut til publikum, men ein stad museet og publikum kan møtast. Museet kan lære av publikum. Med bloggar og wiki-baserte webløysingar, aukar sjansane for å lukkast med dette.

I foredraget, ”Co-Authoring: Sharing the museum’s authority with others, including the users”, gjekk Elaine Heumann Gurian (The museum Group) vidare med sistnemnde tema. Vågar museum å gi avkall på autoritet? Her to nettadresser utdjupar tankar om web 2.0 og museumsverda:
http://nlablog.wordpress.com/2007/08/04/museums-and-web-20/
http://museumtwo.blogspot.com/
Som eit mal apropos, kan det her vere på sin plass å nemne Andrew Keen’s bok ”The Cult of the Amateur”, som skildrar web 2.0 som amatørane sitt paradis.

Publikum i sentrum: Oberösterreichische Landesmuseen, Linz

Torsdag 23. august besøkte CECA Oberösterreichische Landesmuseen. Direktør Peter Assman slo i sin åpningstale fast at ”Museumsarbeid er formidlingsarbeid”. Alle tilsette må endre sitt perspektiv i retning av dette paradigmet. Dette altså frå toppen av organisasjonen! I visjonen om formidling, heiter det at fokus er å inspirere publikum og leggje til rette for læring utan å vere belærande (”without patronising them”).

Med glede ser eg at institusjonen på første nettside opplyser om eigen kontaktperson for menneske med funksjonshemming som vil besøke museet!

For meg var planlegginga av skolebesøk særleg interessant. I samarbeid med det statlege pedagogiske instituttet, tilbyr museet læraropplæring for alle nye utstillingar. Deltakinga er god, m.a. fordi dette tel som etterutdanning i eit program alle lærarar må delta i. Lærarar kan som andre abonnere på eit newsletter, men krysse av for ”lærar” for å få særleg tilpassa informasjon.

Tidleg i planlegginga av ei utstilling, får museumspedagogar og kurator møtast, slik at pedagogane kjem inn i tankane bak utstillinga. Så set 2-3 personar seg saman og utviklar formidlingsopplegg tilpassa tre ulike aldersgrupper. Rundt opninga får pedagogane høve til å sjå utstillinga saman med kuratoren. Til sjølve utstillingssalane blir det laga aktivitetsark for ulike aldersgrupper. ”Blyant får du av vakten!” Den setninga fann eg både vennleg og oppmuntrande!

Tilbakemeldingar er viktige for museet. Dei vanlege er gjestebok, internett og evalueringsskjema. På nettsidene må ein imidlertid leite ei stund etter ein sjanse til å seie si meining. Og for å gjere det må ein fylle ut eit skjema med namn og adresse saman med kommentaren. Konferansens vekt på å ”dele autoritet”, dvs la fleire enn fagpersonalet ved museet få kome til orde, må ein også ved dette museet førebels leite lenge etter.

Vi konferansedeltakarar vart så tekne med på ei blanding av orientering om og gjennomføring av det pedagogiske tilbodet i ”Ånder, gull og sjamanar: Gull frå Kolombia.” Elevar på besøk vert aldri delt inn i større grupper enn 15 per omvisar, og namneskilt til kvar ligg klare og ventar når klassen kjem. Det vart vektlagt korleis alle museumsbesøk må byrje med ein impuls som set i gong samtalen med skoleklassar. Her vart det grundige og gode aktivitetar som styrkte inntrykket av eit museum som prioriterer formidling både i arbeidsplanar og budsjett. Tilreisande museumspedagogar var nok alt i utgangspunktet samde i dei stadig gjentekne frasene om at aktivitetar skal tilretteleggast for ulike aldersgrupper. Ei stigande rastlaus kjensle av å bli ”patronisert” får tilskrivast iver og entusiasme hos formidlarane, og vere dei tilgjevne. Den kan kanskje også brukast som ei inspirasjon til sjølv å leggje slike tendensar av seg under eigne pedagogiske opplegg?

 
  til toppen                                                   Tilbake til reiserapporter 2007