REISERAPPORT


Martin Hager-Saltnes, Kulturhistorisk Museum

Kvalitetskriterium for god museumsformidling

CECA Reykjavik, Island, 5-10 oktober 09


Mellom konferansens foredrag av varierande kvalitet, skilde enkelte seg positivt ut. Desse foredraga var som oftast korte og hadde ei avgrensa problemstilling som ikkje prøvde å omfavne heile konferansens tittel, "Museum Education in a Global Context - Priorities and Processes." Peter Schüller frå Kunstsammlung Nordrheim-Westfalen i Düsseldorf gjorde greie for eit tysk arbeid med å utarbeide kvalitetskriterium for formidlingsarbeid i museum. Dette er ein del av ei nasjonal og internasjonalt trend der ein formulerer standardar for museum. For museumspedagogar, som i mange land ikkje representerer eit klart definert yrke, er det alltid viktig å reflektere over og revidere kva vi held på med. Kriteria er tenkt å vere ei hjelp til å vurdere og kontrollere eige arbeid. Men dei er og laga for å presentere det breie lærings- og formidlingsarbeidet som pågår i musea overfor museumsleiingar og ansvarlege politiske miljø.

Dette arbeidet med å definere god museumsformidling føregjekk i fleire rundar på regionalt og nasjonalt nivå, og til slutt også i samarbeid med kollegar i Sveits og Østerrike. Det munna ut i ein brosjyre, som finns på

http://www.museumsbund.de/fileadmin/geschaefts/dokumente/Leitfaeden_und_anderes/Qualitaetskriterien_Museen_2008.pdf

Det vert arbeidd med omsetning til engelsk. Eg nemner i det fylgjande noko av det eg her finn interessant for mitt arbeid, kor det ofte blir for lite tid til både evaluering og nytenking. Kvart kapittel byrjar med ein definisjon og avsluttar med ei sjekkliste med eksempel. Spranget mellom generelt nivå og døme er stort. Mine omsetjongar frå tysk er ikkje kvalitetssjekka!

I Hovudtankar
Museumspedagogar må vere med i heile prosessen med å utforme museum og utstillingar og har følgjande hovudoppgåver:
- Å definere læringsmål som korresponderer med museets ideologi og målsetjing.
- Analysere publikums samansetjing og behov; utvikle målgruppetilpassa program.
- Gje så mange ulike besøksgrupper tilgong til kulturell danning som råd er ved å tilby differensierte tilbod.
- Utvikle og verkeleggjere menneskelege og mediale formidlingskonsept.
- Bidra til eit publikumsvenleg museum og legge til rette for innsikt gjennom å nyte og oppleve.
- Skape møtestader mellom museum, utdanningsinstitusjonar og andre kulturinstitusjonar, og etablere langsiktig samarbeid.
- Å evaluere formidlingstilbod regelmessig, slik at deira effekt vert testa og kvaliteten sikra.

Blant hovudutfordringane finn vi læring i alle livets fasar, skape føresetnader for kulturelle integrasjonsprosessar og trening i interkulturell kompetanse, samt å oppfylle museas identitetsskapande funksjon gjennom å fremje medeigarskap til den kulturelle arven og den pågåande samtalen om fortid, samtid og nåtid.

II. Formidlingas innhald
Formidlinga skal bygge på museets samlingar, men alltid synleggjere den historiske samlinga sin relevans til nåtida. God formidling er handlingsorientert, men skal også skape forståelse for dei ulike fagvitskapane ved institusjonen.

III. Målgrupper
God formidling differensierer mellom ulike målgrupper, både mellom dei som alt brukar musea og grupper som i dag ikkje gjer det. Kunnskap om desse er difor ein føresetnad for museumspedagogikk med god kvalitet. Sjekkliste: Single, par, familiar, venner, kjernepublikum, turistar, førstegongsbesøkande, internettbrukarar, firmatilsette, menneske frå ulike aldersgrupper, etnisk bakgrunn, institusjonar, motivasjonar...
Sjekkliste for besøkande med nedsett funksjonsevne:
- skape arkitektur, arrangement og service utan barrierer
- ha kontaktperson for grupper med behov for særleg tilrettelegging
- samarbeide med organisasjonar og prosjekt for menneske med nedsett funksjonsevne og bruke fokusgrupper for å gjere museet meir tilgjengeleg


IV. Formidlingsmetodar
Som ved så mange andre spørsmål, er svaret også her mangfald. Dokumentet kjem ikkje opp med nye og supre idear, men kan hjelpe til med å huske på det ein veit og er samd i, men som fell ut av syne i travle prosjektstunder. Når det gjeld utforming av utstillingar blir eg blant mange sjølvsagte punkt minna om "vegleiing" og skilting i utstillingar, som kunne vore betre i det siste prosjekt eg deltok i. I sjekklista for verbal formidling, ser eg ubrukte muligheter ved at elevar viser elevar rundt. Frå lista for teksting, nemner eg barnekatalogar, miniguide og blindeskrift/lyttestasjonar. Når det gjeld evaluering, vert eg tiltalt av punktet om å gjere grundigare intervju av enkeltbesøkande og utvalde grupper.

V. Kvalifisert personell
Dette kapitlet finn eg mest utfordrande, for her slår tysk grundighet gjennom for fullt. Krava inkluderar avslutta akademisk grad og fagkunnskap om museumssamlingane og i pedagogiske spørsmål. Men innsikt i museologi, kommunikativ dugleik og glede ved omgong med menneske og personleg engasjement, kjem ein heller ikkje utanom. Dessutan må ein ha retorisk dugleik og mediakompetanse, kunne gjere publikumsundersøkjingar og kunne leie både prosjekt og personale (frivillige, timeengasjerte osb). Museum må ha evne til både å vere kritisk og til å begeistre. Ja, takk, begge deler! Dei siste kapitla handlar om samarbeidspartnarar (kap VI) og institusjonelle rammevilkår for arbeidet (kap VII).

Konklusjon
Ville norske museumspedagogar kome fram til kvalitativt annleis resultat enn dei tyske? Kanskje ikkje, men å skildre essensen i godt museumspedagogikk ville vere ein fruktbar prosess å delta i. Slike kriterer kan bidra til å profesjonalisere museumspedagog-rolla og gje den ein klårare identitet både for ein sjølv og for andre. På den andre sida, vi veit alt mykje om kva godt formidlingsarbeid er. Og uinformert som eg kan vere, har eit liknande arbeid kanskje alt blitt gjort i Noreg? Førebels vil eg heller bruke kreftene på å prøve å realisere meir av dei ideala vi deler i praktisk formidlingsarbeid. Her er meir enn nok å ta fatt i, og slike foredrag inspirerer nettopp til å ta fatt.

 
  til toppen                                                   Tilbake til reiserapporter 2009