Trygve Brandal, Ryfylkemuseet

Tverrkulturell forståing – eit viktig mål for musea?

Inntrykk frå ICOMs generalkonferanse i Shanghai 2010


Hovudtemaet for konferansen var Museums for Social Harmony. For ein norsk observatør var det kanskje noko overraskande at eit såpass pompøst omgrep som sosial harmoni vart vald. Dette kan lett bli store og svulstige ord utan konkret og meiningsfullt innhald, var mine første tankar.

Det litt svulstige og pompøse prega for så vidt konferansedokumenta. I programartikkelen om konferansetemaet frå ICOM sentralt vart det understreka at berekraftig utvikling innanfor miljø, kultur, økonomi og sosial utvikling er sentrale mål for svært mange land og regime kring om i verda. For å oppnå desse måla kan musea vere gode hjelparar ved å arbeide for sosial harmoni i ei tid med raske endringar. Ved å ta vare på og formidle ulike former for tradisjon og historie kan musea gje positive bidrag til samfunnutviklinga. Ikkje minst gjeld dette i land der tradisjonar og historie er truga av krig, klimaendringar, svolt samt illegal handel med historiske gjenstandar.

I sesjonen med keynote speakers på opningsdagen 7. november vart det frå både Chen Xiejun og Alpha Oumar Konaré understreka at musea bør leggja vekt på å vera opne for utfordringa med å innretta si verksemd etter kva publikum ønskjer. ”Putting people first”, sa Chen. ”The Museum does not belong to the Museum. The Museum does not belong to the Curator”, sa Konaré. Ved å bli meir publikumsretta kan musea gje bidrag til ei positiv samfunnsutvikling prega av gjensidig forståing mellom ulike grupper, vart det framheva. Dette kan høyrest bra ut, men det er framleis litt store ord, tenkte eg.

Før og ved opninga av konferansen var det naturleg å fundere over spørsmålet kva sosial harmoni er for noko. Harmoni er i utgangspunktet eit musikalsk uttrykk, og står for tiltalande samklang mellom fleire lydar og tonar. Sosial harmoni handlar om å etablera ei likevekt, ein stabilitet mellom ulike samfunnsgrupper som kunne vere potensielle motstandarar. Det handlar om dialog, toleranse, respekt, inkludering, gjensidig forståing, interkulturelle møtestader, common grounds. Interkulturell dialog er noko som tek tid. Det er ofte krevjande å leve side om side og å prøve å tolerere kvarandre. I verdenssamfunnet er det mange utfordingar knytta til inkludering av marginale grupper, som flyktningar og minoritetar.

Når konferansen føregjekk i Kina, og honnørorda var interkulturell forståing og respekt, var det vanskeleg å ikkje tenkje på at nettopp Kina har mykje å svare for når det gjeld behandling av sine minoritetar. Eg har sjølv møtt og samtalt med i mi heimkommune ein flykting frå uigirfolket i Aust-Turkistan, som hadde vore ein aktivist og motstandar av Kina si undertrykking av hans folk, og som opplevde forholda så trugande at han valde å flykta frå heimlandet.

Frå enkelte hald i museumsverda er det åtvara mot at musea ikkje nødvendigvis bør arbeide for sosial harmoni under alle forhold. Musea skal ikkje vere styresmaktene sine konformitetsagentar, men heller stadig stille spørsmål ved om dei styrande sitt strev etter sosial harmoni dekker over motsetningar som heller burde vore løfta fram i dagen. (Amareswar Galla: ”Examining Social Harmony”, ICOM-News 2009-2010 no. 2 s. 3-4.)

Vidare under konferansen deltok eg på ICR (International Council for Regional Museums) sitt opplegg. Regionale museum framstiller historia, tradisjonane og miljøet til sin region. Regionen som museet arbeider i kan vere mangearta – ein landsby, ein by, ein dal, ei øy, eit fylke eller ein annan region. Ved sitt arbeid vil dei regionale musea skapa ei positiv identitetskjensle for innbyggjarane i regionen. Musea har liten grad av bindingar til bestemte grupper i samfunnet og kan såleis tilby nøytrale møtestader. Goranka Harjan frå Kroatia fortalde t.d. om korleis hennar museum hadde prøvd både å fremje stolthet over den lokale kulturen og det unike ved den og å arbeide for toleranse og fleirkulturell forståing. Interessant var det å høyre frå Sheng Jianwu, som fortalde om ”the truck museum” i Vest-Kina. Dette er ikkje eit museum om lastebilar, men heller museumsvesenet sitt svar på Rikskonsertane. Ved å fylle lastebilar med museumsutstillingar og reise rundt til fjerntliggjande gruvelandsbyar, militæranlegg og liknande oppnådde dei formidling til og kontakt med eit publikum som elles aldri hadde sett sine føter på eit museum.

Tanken om museet som ein common ground, ein nøytral møteplass for kontakt mellom ulike kulturar, vart framheva av mange. Dette er noko vi ved Ryfylkemuseet har vore opptekne av lenge. Vi er sterkt inspirert av eit vennskapsprosjekt vi har hatt med Down County Museum i Downpatrick, Nord-Irland. Down County Museum tok på seg rolla som ein nøytral møteplass på tvers av sosiale, politiske og religiøse skilje i den nord-irske provinsen, og lukkast med å gi vesentlege bidrag til freds- og forsoningsprosessen. Forholda her i landet kan ikkje samanliknast med den kritiske situasjonen ein har hatt i Nord-Irland, men også norske museum kan definere ei ny samfunnsrolle ut frå den nye situasjonen innvandringa fører med seg.

Ryfylkemuseet har vore engasjert i innvandringshistoria like sidan dei første eksjugoslavane kom til Ryfylke etter krigen i Bosnia-Herzegovina, og har hausta fagleg anerkjenning for det (Fenix-priset 1998, Årets Museum 1999, Folkeopplysningsprisen 2005.) Utanom dokumentasjon og formidling av historia til innvandrarane har museet gitt bidrag til debatten om innvandringa gjennom seminar og konferansar, og det har lagt vekt på å drive internasjonale kafear på museet som ein religionsnøytral og alkoholfri møtestad på tvers av kjønn, alder og kulturell ballast.

I eit prosjekt som vi er i ferd med å avslutta no, kalla nettopp Common Ground, er det livsstilsinnvandrarar frå Europa, særleg hollendarar og tyskarar, som står i fokus. Her er det ikkje integrering av fattige og svake innvandrarar i det norske samfunnet som er sentralt, for dette er ein annan type innvandrarar. Dei er unge, ressurssterke, velutdanna og vitale folk som kjem til Norge heilt frivillig som ledd i eit karriere- eller livsstilsporsjekt. Desse har ikkje vore gjennom fornedrande opphald i asyl- og flyktningmottak og treng ikkje stå med lua i handa og be om hjelp. Dei har noko å tilby, og ønskjer å legge sine eigne premissar for utvikling av livet sitt. Overfor dei er ideen om integrering og inkludering av innvandrarane i det norske mindre aktuell. Her er det meir tale om samliv på likeverdige føresetnader ut frå gjensidig interesse, respekt og toleranse.

Ved vårt Common Ground-prosjekt er viktige mål nettopp å skape dialog, kjennskap og toleranse og motarbeide framandfrykt og muleg konflikt. Prosjektet fell såleis godt inn i temaet for ICOM-konferansen Museums for social harmony.

 
  til toppen                                                   Tilbake til reiserapporter 2010