|
||||
Levande museum DEMHIST i Shanghai 2010 Vi besøkte Shaoxing, Hongcun, Chengkan, Nanping og Tangye. Det var det vi rakk, sjølv om det sto dobbelt så mange på lista. Slike som oss har svak gruppedisiplin, bruker mye meir tid enn kinesarar, vi beveger oss sakte og vi er ikkje klare på same tid. Vi mista m.a. Jixi, Xidi og Guan Li, som skulle vore andre høgdepunkt på turen. |
Gatebutikk i Shaoxing. Tilbodet er sukkerrør, levande høner og egg. |
Tilrettelegginga handlar om at det er anlagt digre parkeringsplassar i utkanten av landsbyane, at ein må betale billett for å komma inn, og at ein blir følgt rundt av
uniformert guide, heldigvis utan mobilt høgtalaranlegg så lenge det er vestlege turistar i følgjet. Men det bur altså folk i landsbyane, og dei driv med sitt. Noen hakkar
eller haustar åkrane sine, noen driv med byggearbeid og mange falbyr varene sine. Alle stader er det hus som er opne for publikum, gjerne tempelbygningar, men også romsleg
anlagte og rikt dekorerte hus etter rikfolk. Og det er heller ikkje vanskeleg å få glimt inn i kvardagen til folk flest. Den er rimeleg enkel. Vi blei godt mottatt. Innbyggarane var blide og vennlege. Vi sa god dag og takk på kinesisk og resten med kroppsspråk, glodde og fotograferte og smakte på det som var steikt og kokt. Vi blei til og med bydd på eit hus. Men prisantydninga var ein million. Vi gikk ikkje inn i budrunden. |
Kaféliv i Chengkan. |
Innbyggarane i desse landsbyane var i ekstremt grad gjort til objekt i ei medveten, målretta og høgt prioritert satsing på utvikling av turistindustrien. Det er bygt
høgstandard vegnett og raske jernbanar inn mot området, det er etablert ei rekke hotelltilbod og det er eit raskt veksande forretningsliv i Huangshan. Det er fashion å
reise på landet i weekenden, bu fint og ta seg ut på ekspedisjonar til den nære fortida, som til forveksling er nåtid, men på ein annan stad. Kva innbyggarane bak dei tildels avanserte billettsystema satt att med fekk vi ikkje heilt tak i. Vi skjønte at dei fekk hjelp til vedlikehald av hus, gater og plassar, men som det museumsvertskapet dei i røynda var, virka det likevel som dei måtte gjera det beste ut av den marknaden som dagleg velta inn i dei tronge gatene og veitene. Vi er ikkje heilt ukjente med fenomenet her heime heller. Røros er kanskje ein slags museumslandsby, Skudeneshavn og Sokndalsstrand likeeins. Agatunet var det, men der bur det ikkje folk lenger, Havråtunet og. Vi som bur i dei meir marknadsførte turistlandskapa er alle statistar i ei iscenesetting som andre tener pengar på. Og det går nokså greitt, så lenge turistane ikkje begynner kikke inn stovene våre og ta bilde av oss når vi utøver daglegliv. Det interessante er kva som skjer når iscenesettinga blir så uttalt som det vi såg i Kina. Kva følgjer får det for dagleglivet, for utøvinga av arbeid, for samver, for økonomiske, sosiale og kulturelle forhold? Kan landsbyen vera den same etter at han kom på verdsarvlista og det blei montert billettskranke med telleapparat tvers over hovudvegen inn til landsbyen? Er turismen berekraftig, er han i stand til å ta vare på, vidareføre og vidareutvikle det som turismen gjer til objekt? Hadde eg kunne kinesisk, vore ung og skjønt korleis ein skaffar seg pengar til forskingsprosjekt skulle eg gjerne funne ut meir om det. I staden får eg lime bilda inn i albumet og reflektere over kva det er som gjer slike landsbyar til attraksjonar av eit slikt omfang at parkeringsplassane noen stader virkar større enn landsbyen, for å kunne tilby plass til alle som kjem på besøk. Enda dei fleste kjem i buss. |
▲ til toppen Tilbake til reiserapporter 2010 |