Grete Holmboe, Ryfylkemuseet

Kineseri på Hålandstunet – ei aha-oppleving i Kina

DEMHIST i Shanghai 2010


DEMHIST, komiteen for historiske hus, hadde fellesmøte med Glass, ICNAD og ICFA i Shanghai, og fokuserte på sambandet mellom Kina og Europa. For meg gav det ei aha-oppleving av at me også langt inn i Ryfylkefjordane har vore ein del av ei global handelsverksemd med opphav i Kina, og at me har fleire ”kineseri” eller andre asiatiske objekt i samlingane våre ved Ryfylkemuseet. Eg tenker særleg på sekretæren i gåva etter Olga Oppedal på Barkeland som blei stua vekk på magasinet då me ikkje fann plass det i innreiinga av bestestova på Hålandstunet i Erfjord.

Tema blei introdusert av Prof. Christian Jörg som snakka om kinesisk eksport av porselen som bru mellom Austen og Vesten. Kinesarane var langt framme i utvikling av porselen allereie frå 3-4000 år f.Kr., og starta eksport av porselen til Midt-austen under det tidlege Ming dynastiet på 13 – 1400-talet. Det var særleg det kvite glaserte porselenet med koboltblå dekor som var ettertrakta. Motiva var henta frå det kinesiske landskapet med fjell og vatn som viktige element, og det var buddhistiske og daoistiske symbol, dragar, fugl føniks og andre legende. Landskapa var prega av utvakse, krokete furutre, bambus, krysantemum, lotus og sjasmin. Det blei høgstatus å omgi seg med kineseria med eventyrlege og eksotiske motiv som nok kunne inspirera til å søka meir kunnskap.

 
 

 
  Då portugisarane runda Kapp det gode håp og fann vegen til Asia på 1500-talet, utvida eksporten seg til Europa. Det blå og kvite porselenet var av dei mest luksuriøse varane som blei skipa til Europa og fann vegen til dei Europeiske slotta i det sørlege Europa, og etter kvart også lengre nord. Handelen med Asia auka sterkt frå tidleg 1600-talet, og det blei stifta eigne asiatiske handelsselskap. Tusenvis av kinesiske krukker og fat fann vegen til Holland via Asiatiske marknadar. Det blå og kvite porselenet vekte begeistring også i Skandinavia, og handelsmenn sendte skip til Holland og kjøpte heim desse edle varene til pynt i slotta. Etter kvart som eksporten auka, fann dei også vegen til borgarskapet. På slutten av 1600-talet har kineseriet også nådd Nord-Amerika, og Jörg snakkar om ein kulturell globalisering. Borgarkrigar i Kina gjorde det slutt på den kinesiske eksporten for ein stund, og naboland som Japan tok over marknaden og kopierte kinesarane. Men kinesarane kom att. Rundt 1700 blei det eksportert store mengder billigare porselen.

Frå 1710 dukka det opp porselensfabrikkar i Europa. Meissen i Dresden var den første. Etter kvart finn me dei i dei fleste Europeiske landa, også i Skandinavia. Dei kopierte både teknikken og dekoren. Det var handmåla dekor, men seinare finn me dei same motiva også moderne trykkteknikkar for masseproduksjon. Den kinesiske kulturen har såleis funne vegen til dei mest alminnelege heimar også her heime i Norge.

Om det kinesiske porselenet fekk ei stor global rolle, så viste både Giulianna Ericani frå Italia og Samantha Fabry frå Malta i sine føredrag at me finn kinesiske møblar og kinesiske inspirerte motiv også i veggdekorasjonar og i møblar i slott og herskapshus frå 1400-talet og fram til slutten av 1700-talet. Eksotiske landskapsscener med dei same motiva som i porselenet, blei brukt i asymmetriske rokokkodekorasjonar.

Eg hadde stor glede av å sjå eksempel på den kinesiske kunsten ved eit par besøk i Shanghai museum, der me finn fantastiske eksempel på høgtståande kinesisk kunst måla på keramikk frå 1200-talet og originale silkemaleri frå 1500-talet, med naturalistiske motiv og elegant penselføring.

Under fagturen til DEMHIST i veka etter konferansen fekk me sett kunsten i sin opphavlege samanheng, som del av interiøra i både daoistiske- og buddhistiske tempel, og i dei keisarlege palassa. Vår medbragte turleiar, historikar Michael Henss frå Sveits, understreka den sterke samanhengen der er mellom natur, religion og kultur i Kina.

Som Christian Jørg sa, så var den kinesiske symbolikken fjern for oss europearar. Når kineseriet blei så populært på våre heimlege traktar, må det ha vore ei sterk beundring for teknikken og estetikken, saman med ei undring over den eksotiske kulturen og ei lengt mot verda langt der ute.

Det er heilt klart at sekretæren etter Olga Oppedal snarast muleg må hentast fram frå mørkret og plasserast som eit stasmøbel i finstova på Håland som eit teikn på at storgardane i Ryfylke i aller høgste grad følgde med i tida og omgav seg med kineseri og andre asiatiske varer.

 
  til toppen                                                   Tilbake til reiserapporter 2010