Roy Høibo, Ryfylkemuseet

Smaken av Serbia
- matkultur som museumsoppgåve

ICR i Serbia september 2012


Mat er ikkje noe framandt tema for norske museum. Det er det ikkje for museum i andre land heller. Men maten er kanskje ikkje anerkjent som eit viktig og sjølvstendig tema for innsamling, forsking og formidling. Temaet ligg i alle fall ikkje så høgt oppe i medvitet vårt at det har fått noen særleg omtale t.d. i utgreiinga om UNESCO-konvensjonen om vern av den immaterielle kulturarven som ABM-utvikling utarbeidde i 2010. Kanskje mat kan vera eitt av dei tema ein kan ta opp i den diskusjonen om den immaterielle kulturarven som ABM-utvikling inviterte til.

ICR, komiteen for regionale museum, arrangerte konferanse om «Gastronomic Heritage» i Serbia i september 2012. Innleiarane på konferansen viste korleis mat omfattar ei kompleks rekke av tradisjonell aktivitetar frå dyrking, hausting, bevaring, tilbereding og fram til det endelege måltidet, korleis desse aktivitetane omfattar både materiell og immateriell kultur og kva kjelder som finst til kunnskap om matkulturen. I tillegg tydeleggjorde konferansen korleis mat kan inngå i realiseringa av samfunnsrolla til musea. Maten kan vera ein nøkkel til å verkeleggjere museet som ein samfunnsaktør.

Tydelegast kom dette til uttrykk i eit døme frå Children´s Civilization and Creativity Center i Aswan, Egypt, der mattradisjonane blir brukt på ein aktiv måte for å skape dialog mellom museet og samfunnet ikring, men også som eit bidrag til kvalifisering av unge kvinner. Gjennom dette arbeidet henta museet fram tradisjonskunnskap frå eldre kvinner og vidareførte tradisjonane ved overføring til yngre kvinner gjennom praktisk arbeid (handlingsboren kunnskap). Dei unge kvinnene fekk «sertifikat» om dei besto den praktiske prøva i å lage maten på eiga hand etterpå. Og så kan ein spørja kva dei blei kvalifiserte for. Jo, for eit godt ekteskap. Men eit godt ekteskap er gjerne betre enn eit dårleg, og noen karriere ut over det var gjerne ikkje realistisk.

Ein kan vidare spørja om dette har noen relevant overføringsverdi. Arbeidsmetoden har det. Ved å sjå på tilstelling av mat som immateriell kultur sannkjente museet at det ikkje er nok å samle på oppskrifter, bilde, reiskap, bygningar og omtalar av matproduksjonen, men at ein også må få tak i sjølve handlinga. Denne kan berre bevarast og vidareførast gjennom nye handlingar.

Dette hadde også friluftsmuseet i Sirogojno tatt inn over seg. Museet i Sirogojno framstiller seg som det einaste verkelege friluftsmuseet i Serbia og omfattar 52 innsamla bygningar. Det mest interessante ved museet er likevel det arbeidet museet driv med for å ta vare på og vidareføre den immaterielle kulturarven. Dette omfattar ei rekke aktivitetar som strikking, lagging, keramikk, smiing og altså matlaging. Aktivitetane gikk inn i tilbodet til det daglege publikummet, var basis for eit omfattande kurs- og skuletilbod og ga bidrag til bygdeutviklinga.

Strikketradisjonane i området er sterkt vidareutvikla og gjort til ei merkevare som sel langt ut over det lokale og regionale. Mattradisjonane er løfta fram som ein sentral del av reiselivstilbodet og gir grunnlag for nyetableringar i ein del av Serbia som har stort behov for nye arbeidsplassar.

Serbia er ikkje det første landet ein kjem på når ein skal planlegge ferieturen, men det er eit land med tradisjonar for mat og drikke som kan gjera det til ei gastronomisk oppleving å reise i landet, som det var det for ICR siste veka i september. Og det var museum som såg ei oppgåve i å ta vare på og vidareføre dei immaterielle sidene ved matkulturen både som ein verdi i seg sjølv og som eit bidrag til utviklinga av samfunnet det skulle tene.

Vi sit med store samlingar av utstyr og ilåt for matlaging på musea våre, vi har ei rekke bygningar som har vore brukte til husdyrhald, lagring og foredling av mat og til inntak av måltider i kvardag og fest. Vi har oppskrifter og gamle damer som kjem og hjelper oss med lefsebaking og grautkoking når stunda krev det. Men det er gjerne ikkje så mange av oss som driv eit medvite arbeid for å ta vare på sjølve kunsten. Det kunne vera ei viktig utviding av perspektivet i arbeidet med å implementere UNESCO-konvensjonen om maten kunne bli eit sentralt tema.

 
 
Frukost på tradisjonelt vis i friluftsmuseet i Sirogojno

 
 
Førebuing til middag i fjellandsbyen Kamena Gora

 
  til toppen                                                   Tilbake til reiserapporter 2012