|
||||
Musea og den immaterielle kulturarven ICR i Serbia september 2012-12-09 Gjennom ikkje mindre enn 14 presentasjonar frå ulike delar av verda blei tema belyst frå ulike vinklar, tradisjonar og forutsetnadar. Saman med ekskursjonar til gardstunet i Kamena Gora, friluftsmuseet i Sirogojno og keramikklandsbyen Zlakusa, samt 7 dagar med tradisjonsmat til frukost, lunsj og middag fekk me eit godt innblikk i serbisk og muslimsk mattradisjon. Det var ei stor gastronomisk og kulturell oppleving. Det som i hovudtrekk står att etter konferansen er korleis den immaterielle kulturarven heng i hop med den materielle, korleis bygningane og interiøret er ein del av matlaginga og måltidet og såleis ein del av den gastronomiske arven. Eg vel trekka fram noen eksempel på det. Ossama Abdel Meguid, direktør for Children`s Civilization and Creativity Center i Aswan i Egypt understreka i sitt føredrag alt første dagen betydinga av ramane rundt måltidet, om ulike høgtider og ritual, bygningen, interiøret, eldstaden, kva ein et med og kva ein et av. Korleis maten er blitt til, jordbruket, lagring og konservering, bygningar for dei ulike prosessane osb. Centeret til Ossama Abdel Meguid er eit bygdeutviklingsprosjekt der særleg kvinnene blei inviterte til å læra seg tradisjonelle handverksfaga og matlaging, eit utdanningsprosjekt som gjer dei i stand til å tena eigne pengar. Dette gir dei motivasjon til å vera med i prosjekta samtidig som dei blir berararar av ein handlingsboren tradisjon. Dette såg me eksempel under besøket på museet i Sirogojno. Museet hadde starta med å dokumentera strikketradisjonen i området og bringa dei eldre kvinnene saman med yngre for vidareføring av strikkekunsten. Det hadde resultert i eit eige strikkemuseum og produksjon. Dette var no blitt eit større satsingsområde som involverte designarar. Ved sida av å selja frå eigne butikkar i landsbyen, var det no blitt ein større eksportartikkel. Museet hadde her vore aktive for å ta vare på tradisjonane og samtidig bidra til bygdeutvikling. Bygningane på museet i Sirogojno var flytta og gjenreist med lokale tradisjonelle byggeteknikkar. Dei same teknikkane var nytta i dei nye bygningane på museet, der ein mellom anna kunne finna sprett telja bjelkar, som me her heime må tilbake til mellomalderbygningane våre for å finna. Nybygga blei brukte til moderne føremål, som servering, overnatting, kontor, butikk, medan dei museale bygningane blei brukt i formidlinga av matlaginga. Me fann tørkehus for frukt, bakarhus med bakaromn, mjølkebu og stabbur. Det store stovehuset midt i tunet hadde eldstad på stampa jordgolv og ljore i taket, og midt i glørne sto dampande keramikkrukker med kjøt og andre godsaker. Stovehuset var hjarte på garden der storfamilien samlast til mat og måltid, medan kvar familie einheit hadde sitt sovehus. Bygningane var heile og reine og det lukta slik det skulle lukte av eld og mat. |
|
|
Besøket på garden i Kamena Gora understreka korleis dei serbiske mattradisjonane har overlevd. Som velkomst fekk me servert brød og salt til rakien, og ulike mjølkeprodukt blei kokt på vedkomfyr i tunet. Kjøtt blei kokt på glør i tradisjonelle jerngryter og keramikk krukker. Familien på garden sa dei kokte på denne måten så ofte dei kunne då det ga den beste og sundaste maten. Det var ein tradisjon dei ønskte å bringa vidare. Etter at dei overtok garden, var målet å gjera turisme av matlaginga. |
|
I keramikk landsbyen Zlakusa fekk me sjå krukkene i produksjon. Ved sida av noe jordbruk, var byen tufta på bergarten i området som blei knust og blanda i leira som gjorde krukkene spesielt eigna til matlaging. Krukkene blei bygd opp og dreia for hand. I dag var her 15 keramikkverkstader i drift som produserte krukker for sal. Lunsjen i Zlakusa var sjølvsagt kokt i keramikk krukker på glør. Våre unge guidar på turen, med oppvekst i storbyen Beograd, kunne bekrefta at dei hadde slike krukker heime på kjøkkenet og brukte dei dagleg. |
|
Inntrykket frå turen til Serbia er at dei gastronomiske tradisjonane står sterkt og at berarane er stolte av tradisjonen sin. Friluftsmuseet i Sirogojno jobbar seriøst med å ta vare på alle sider ved matproduksjonen og vidareførar han gjennom bruk av bygningane sine ved sida av at dei og har eige kjøkken og undervisningsrom som dei bruker. Museumstunet er flytta til museet og sett opp att av handverkarar som har kunnskap om lokal byggeskikk. Såleis har dei tatt med seg dei eigenskapane som kan ha betyding for maten, og bygningane gir den autentiske rama rundt oppleving av maten. Dei nybygde husa viser at dei vidarefører byggeteknikken også i til moderne byggeri og på denne måten også jobbar med å halda byggetradisjonane levande. Det blei noe overflatisk og hastige besøk. Her var mange spørsmål me gjerne skulle gått djupare inn i. Men her var også ein del inspirasjon å henta som har stor overføringsverdi for vårt eige museum. Ikkje minst gjeld det å legga forholda til rette for vidareføring av den gastronomiske arven. |
▲ til toppen Tilbake til reiserapporter 2012 |